• Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    31.05.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6205188
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Ledigt jobb

Sunnfjord kommune

Assisterande einingsleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord kommune ligg midt mellom Bergen og Ålesund. Kommunen har om lag 22 400 innbyggarar, og vart etablert i 2020 gjennom samanslåing av fire kommunar. I 2024 vedtok kommunestyret planen «Saman om EIN god oppvekst» – ein førebyggande plan for barn og unge som legg føringar for tverrfagleg samarbeid og heilskaplege tenester i kommunen.

Vil du vere med å vidareutvikle barnevernet i Sunnfjord kommune?

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som assisterande einingsleiar i barnevernstenesta. Vi søker deg med solid erfaring frå barnevernsfeltet, engasjement for fagleg utvikling og eit ynskje om å bidra til god leiing og kvalitetsutvikling i tenesta.

Sunnfjord barnevern har 28,5 årsverk og er organisert etter ein spesialistmodell. Tre sakshandsamingsteam: mottak/undersøking, oppfølgingsteam og omsorgsteam. I tillegg har vi eit eige familieteam (tiltaksteam) og ein kontorfagleg stab som tek i vare administrative funksjonar.   

Som assisterande einingsleiar blir du ein del av det utvida leiarteamet og vil jobbe tett med barnevernleiar og teamleiarar i utviklinga av tenesta.

Ansvarsområde:
  • fast stedfortredar i barnevernleiar sitt fråvær
  • ansvar for å drifte mottak og avklaring av bekymringsmeldingar  
  • støtte og avlaste barnevernleiar i strategiske og operative oppgåver
  • bidra til heilskapleg oversikt over tenesta og medverke til god planlegging og  ressursdisponering på tvers av team for best mogleg oppgåveløysing
  • delta i tverrfaglege møtefora og bidra til heilskapleg innsats rundt barn og unge i tråd med samhandlingsmodellen BTI-modellen (Betre Tverrfagleg Innsats)
  • ansvar for kvalitetssystem og internkontroll  
  • pådrivar for utviklings- og endringsprosessar, samt implementering og opplæring
  • superbrukar i barnevernet sitt fagsystem Modulus
  • ansvar for opplæring av nytilsette, i samarbeid med teamleiarar
  • koordinere og følgje opp innsynskrav, klagesaker og anna sakshandsaming
  • delta i interkommunal barnevernvaktordning

 

Kvalifikasjonar:
  • bachelor i barnevern eller sosialt arbeid
  • leiarutdanning eller er villig til å ta vidareutdanning innan barnevernleiing  
  • erfaring frå kommunal barnevernteneste og relevant leiarerfaring
  • god kjennskap til gjeldande lovverk og føringar

På bakgrunn av krav til kompetanse i barneverntenesta, jf. lov om barneverntenester § 15-6, må søkar ha eller være villeg til å starte på relevant barnevernfagleg mastergrad eller anna relevant utdanning på tilsvarande nivå.

Vi søker deg som:
  • tydeleg, trygg og samlande – evnar å engasjere og skape tillit  
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har engasjement for tverrfagleg samarbeid  og heilskapleg tenking
  • har evne til å vurdere, prioritere og ta avgjersle i komplekse situasjonar
  • er interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid
Vi tilbyr:
  • ei spennande og utfordrande leiarstilling
  • eit leiarteam som gir god støtte til utviklingsarbeidet
  • moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar

Krav om gyldig politiattest før start i stillinga.

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar!

Kontaktperson: Elisabeth Flo Kyrkjebø, tlf.nr 97184349. Ny barnevernleiar frå 26.mai 2025.

 

  • Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    31.05.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6205188
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune