• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    08.05.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6178513
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Sjukepleiar 80% fast stilling natt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

 

Er du vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø på natt?

 

 Er du ein engasjert sjukepleiar som ønskjer gode arbeidsvilkår, fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg!

 Vi i Øygarden kommune arbeider aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad. Vi er opptatt av at vi saman arbeider for å få dette til.

 Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase.

 Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Fire av 20 omsorgsbustader som ligg i nabobygget er drifta av Sundheimen. Sundheimen og omsorgsbustadane har i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.

 Arbeidsoppgåver:
  • Heilskapleg omsorg for eldre menneskje
  • Sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar på natt.
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Sørge for god dokumentasjon i CosDoc
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
  • Handtere velferdsteknologiske løysningar
  • Lettare Laboratorie-arbeid
  Kvalifikasjonar:
  • Autorisasjon som sjukepleiar/ vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Digital kompetanse  
 Eigenskapar:
  • Du har erfaring frå arbeid i eldreomsorg
  • Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst
  • Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er fleksibel , serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
  • Personleg eignaheit blir vektlagt 
 Anna:
  • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr år over gjeldande tariff i 100 % . I tillegg kjem 40.000.- som ubekvemstilegg for nattarbeid.
  • Stillinga er ledig frå 1. juni 2025 
  • Vernepleiar kan bli vurdert for stilling
  • Stillinga inngår i årsplan med arbeid dag /kveld  og 16 helger pr år. Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse.
 Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 
  • Mentorordning  satt i system
  • Gratis parkering og det er mogleg å lade

 

Kontakt:

 

  Einingsleiar : Janne Thode , 56160400 /45044569 

 janne.thode@oygarden.kommune.no

  Avdelingsleiar : Glenn Bjærum. 56160400/ 90076112

 glenn.bjarum@oygarden.kommune.no

 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    08.05.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6178513
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune