• Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    23.06.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5766447
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
  • Uppdaterad 07.06.2024
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Fjaler kommune

Assistent i Heimetenesta 100 % fast stilling med moglegheit for langvakter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du lyst å jobbe i helse og omsorg, men manglar utdanning innan helse? Då er det kanskje deg vi ser etter. Våre tenester er i endring for å møte framtida sine behov og vi kan tilby spanande oppgåver. Vi er interessert i å gje gode tenester til dei som treng det mest og gjere ein forskjell for tenestemottakarar i Fjaler kommune. Delar du denne interessa og vil bli ein del av teamet vårt, så håper vi på ein søknad frå deg.

Ein assistent er ein person som ikkje er helsefagleg utdanna, men som like fullt jobbar med tenestebrukarane våre og er svært viktig i utføring av daglege oppgåver. Dersom du ynskjer å ta utdanning som helsefagarbeidar medan du jobbar hos oss, kan vi hjelpe deg med dette. Du vil få god opplæring og kjennskap til faglege forsvarlege tenester og god tenesteyting.

Vi har årsturnus på 52 veker, med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg. Vi kan og tilby langvakter med arbeid kvar 4. helg. Sistnemnde er ei frivillig ordning.

Arbeidsoppgåver
  • Delta i det daglege arbeidet slik at arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og forsvarleg måte
  • Bidra til at det blir uført fagleg forsvarlege tenester til den einskilde brukar
  • Medikamenthandtering (etter gjennomført opplæring og delegert mynde)
  • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med andre einingar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Vere ein god rollemodell
Kvalifikasjonar
  • Engasjement og interesse for å yte gode tenester til brukarar i eldreomsorga
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B
  • Gjerne erfaring frå relevant arbeid med eldre eller innan helsevesenet
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjend MRSA – og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst og fleksibel
  • God på kommunikasjon og samarbeid
  • Evne til å arbeide løysningsorientert i travelt miljø
  • Godt humør

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr
  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Fadderordning
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollega

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, alder og noverande stilling i utgangspunkt er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkaren verte kontakt og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

 

 

  • Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    23.06.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5766447
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
  • Uppdaterad 07.06.2024