Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
23.06.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5766447Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 07.06.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjaler kommune
Assistent i Heimetenesta 100 % fast stilling med moglegheit for langvakter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du lyst å jobbe i helse og omsorg, men manglar utdanning innan helse? Då er det kanskje deg vi ser etter. Våre tenester er i endring for å møte framtida sine behov og vi kan tilby spanande oppgåver. Vi er interessert i å gje gode tenester til dei som treng det mest og gjere ein forskjell for tenestemottakarar i Fjaler kommune. Delar du denne interessa og vil bli ein del av teamet vårt, så håper vi på ein søknad frå deg.
Ein assistent er ein person som ikkje er helsefagleg utdanna, men som like fullt jobbar med tenestebrukarane våre og er svært viktig i utføring av daglege oppgåver. Dersom du ynskjer å ta utdanning som helsefagarbeidar medan du jobbar hos oss, kan vi hjelpe deg med dette. Du vil få god opplæring og kjennskap til faglege forsvarlege tenester og god tenesteyting.
Vi har årsturnus på 52 veker, med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg. Vi kan og tilby langvakter med arbeid kvar 4. helg. Sistnemnde er ei frivillig ordning.
Arbeidsoppgåver- Delta i det daglege arbeidet slik at arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og forsvarleg måte
- Bidra til at det blir uført fagleg forsvarlege tenester til den einskilde brukar
- Medikamenthandtering (etter gjennomført opplæring og delegert mynde)
- Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med andre einingar
- Tverrfagleg samarbeid
- Vere ein god rollemodell
- Engasjement og interesse for å yte gode tenester til brukarar i eldreomsorga
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Gjerne erfaring frå relevant arbeid med eldre eller innan helsevesenet
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjend MRSA – og tuberkulinattest før tiltreding
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst og fleksibel
- God på kommunikasjon og samarbeid
- Evne til å arbeide løysningsorientert i travelt miljø
- Godt humør
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
- Introduksjonsprogram for nytilsette
- Fadderordning
- Løn etter utdanning og erfaring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollega
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, alder og noverande stilling i utgangspunkt er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkaren verte kontakt og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
23.06.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5766447Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 07.06.2024