• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    13.10.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5899444
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

50 % fast assistent i SFO

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Foldnes skule ligg på Litle Sotra i Øygarden kommune, om lag 15 minutt frå Bergen sentrum. Skulekrinsen dekkjer Foldnes, Våge og Anglevik. Skulen er ein fulldelt barneskule med 285 elevar fordelt på 14. klassar, og har ein SFO på om lag 150 elevar.
Det er bakgrunnen for at vi treng fleire tilsette på SFO. Stillingane er på inntil 48% med arbeid frå måndag til fredag. Stillingane følgjer skuleruta.

Arbeidsoppgåver:
  • Ansvar for grupper av barn eller enkeltelevar på SFO.
  • Gjennomføre planlegging og gjennomføring av aktivitetar.
  • Vere ute kvar dag.
  • Leggje til rette for gode opplevingar for barna.
Kvalifikasjonar: Må ha:
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
Ønskjeleg med:
  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Erfaring med arbeid med barn.
Personlege eigenskapar:
  • Har evne til å vise omsorg, er open og trygg i di rolle og taklar utfordrande situasjonar.
  • Er ein god relasjonsbyggjar og løysingsorientert.
  • Er positiv, engasjert, nysgjerrig og har pågangsmot.
  • Er strukturert, ansvarsmedviten og sjølvstendig.
  • Har høg arbeidskapasitet.
  • Har gode evner til å samarbeide og lytte.
  • Er lojal mot skulen sine verdiar og mål.
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Ragnhild Knudsen Magerøy

Rektor Foldnes skule

Telefon: 90189593

Epost: Ragnhild.Mageroy@fjell.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    13.10.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5899444
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune