Ledig stilling

Øygarden kommune

Familieterapeut 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga:

Vi har ledig ein 100% fast stilling som familieterapeut frå 01.11.2024

Stillinga er organisert i Familie- og rettleiingssenter (FOR) som er ei avdeling i eininga Barn, unge og familietenester (BUFT).

Arbeidsoppgåver:
  • Familierettleiing
  • Individuell rettleiing
  • Parterapi
  • Arbeid med familieråd i førebyggande sektor
  • Samtale med barna og foreldre
  • Heimebesøk
Personlege eigenskapar:
  • Du har gode evner til å samtale med barn og vaksne
  • Du er ein trygg, tydeleg og nøytral vaksen i familiar med utfordringar
  • Du klarer å handtere mange hendingar samstundes og samarbeider godt
  • Du kan jobbe sjølvstendig og strukturert og er prosessorientert
  • Du tar initiativ og tenkjer utvikling
Vi tilbyr:
  • Individuell rettleiing
  • Rettleiing i grupper
  • Eit engasjert fagmiljø
  • Opplæring i metoden familieråd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
Kvalifikasjonar:Må ha:
  • Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning eller tilsvarande utdanning på bachelornivå
  • Vidareutdanning i familieterapi eller ha starta på utdanninga
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Erfaring med rettleiing
  • Førarkort for bil og kunne disponere eigen bil
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå arbeid med familiar og rettleiing av foreldre.
  • Erfaring frå arbeid med familieråd
Vi legg vekt på:
  • Personleg eigenskapar
  • Fleksibilitet
Kontakt:

For nærare opplysningar om stillinga. Ta kontakt med:

  • Svanhild Forland, avdelingsleiar, Familie og rettleiingssenter, telefon:90567445
  • Berit Algrøy, einingsleiar, telefon: 95208001

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.