Spørsmål rettes til

Bjørnar Bjørnar
tlf: 90102837

Yamaha Hardanger AS

Mekanikar med sans for fart og fjord

Yamaha Hardanger

Maskiner, motorer, -deler og -utstyr

Er du ein som trivst med motorolje på hendene, har eit godt auge for detaljer og diggar alt som brummar? Då kan du vera den me ser etter!

Yamaha Hardanger ligg idyllisk til nede ved fjorden i vakre Norheimsund, og me har i over 11 år levert glede på to, tre, fire og null hjul.

Me tilbyr eit breitt utval av motorsyklar, scooterar, ATV-ar, båtar, påhengsmotorar, snøfresarar, MC-kle og mykje meir.

I tillegg har me ein godkjend verkstad der me tek på oss alt frå service til skadereparasjonar – på motorsyklar, mopeder, trehjulingar, firehjulingar, båtar og motorar, både innabords og påhengs.

No er me på jakt etter ein dyktig og engasjert mekanikar som har lyst til å bli ein del av laget vårt!

 

Kven er du?

  • Du har fagbrev som mekanikar (MC, bil eller båt – me er fleksible) 
  • Du er nøyaktig, pliktoppfyllande og likar å jobba sjølvstendig
  • Du er interessert i motor og kjøretøy – og trivst i eit miljø med høgt turtal
  • Du snakkar og skriv godt norsk 

Me tilbyr:  

  • Eit godt og uformelt arbeidsmiljø med mykje latter og mykje fagkunnskap 
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver – ingen dag er heilt lik 
  • Flotte lokale og verkstad rett ved sjøen i Norheimsund 
  • Konkurransedyktige vilkår 
  • Moglegheit for kurs og utvikling 

Høyres dette ut som noko for deg? Kom innom for ein hyggelig prat, eller kontakt oss:

56 55 02 00 // 901 02 837 // post@yamahahardanger.no

 

Spørsmål rettes til

Bjørnar Bjørnar
tlf: 90102837