• Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    05.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6210928
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
Ledig stilling

Hå kommune

Innhaldsdesignar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me styrker utviklingsmiljøet vårt, og søker ny innhaldsdesignar, fast 100 % stilling.

I ein digital kvardag der innbyggarar, næringsliv og tilsette, forventar enkle og effektive løysingar, blir du ein sentral ressurs i arbeidet med å skapa gode digitale system og smidige arbeidsprosessar.

Du vil jobba i avdelinga Kommunikasjon og innbyggarservice, og vera ein del av Utviklingslaget. Dette er eit nyoppretta område, og består i tillegg av IT/digitalisering, dokumentsenter og anskaffelser.

Du vil vera ein ressurs inn i dette arbeidet som handlar både om digitalisering, opplæring, kompetansebygging, forbetring og kommunikasjon.

Arbeidsoppgåver
• Samarbeida med ulike fagmiljø for å utvikla brukarvennlege løysingar.
• Leia og følga opp prosjekt.
• Støtta organisasjonen i utviklingsarbeid.
• Utforska nye verktøy.
• Utforma godt innhald i klart språk.
• Læra opp medarbeidarar i nye verktøy.
• Arbeida metodisk med tilbakemeldingar frå brukarar, statistikk og innsikt.

Kvalifikasjonar
• Relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå. Erfaring kan kompensera for utdanning.
• Erfaring med prosessarbeid.
• Gode formidlingsevner, både skriftleg og munnleg.
• Evne til å omforma kompleks informasjon til enkel og tydeleg kommunikasjon.
• Gode IT-kunnskaper.
• Kan visa til resultat i form av gode tilbakemeldingar og måloppnåing.

Personlege eigenskapar
• Sjølvgåande og initiativrik.
• Driftig.
• Evne til å samarbeida og bygga relasjonar på tvers av fagmiljø.
• Systematisk og analytisk.
• Oppteken av utvikling og kontinuerleg forbetring.
• Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Me kan tilby:
• Sjansen til å vera med og bygga opp eit nytt utviklingsmiljø.
• Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
• Gode muligheter for fagleg og personleg utvikling.
• Konkurransedyktige betingelser.
• Ein arbeidsplass utan køkøyring og med kort veg til togstasjonen.

Spørsmål om stillinga?
Ta kontakt med kommunikasjonssjef Hilde Eidsaa Bjorland, tlf 99 70 18 02.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    05.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6210928
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune