Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
08.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6231248Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Lærar og fagarbeider/assistent
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sagatun skule i Balestrand er ein kombinert barne – og ungdomsskule, 1.-10. klasse, med ca. 120 elevar. Me vektlegg at alle skal møtast med respekt og med ei positiv haldning som gjer at vi skapar eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø for elevane, og eit utviklande og spennande arbeidsmiljø for dei tilsette.
Balestrand – Fjordperla med spektakulært lys: Fjordperla Balestrand ligg midt i Sognefjorden mellom tre fjordarmar og har eit spektakulært lys. Bygda er verdskjend blant nasjonale – og internasjonale kunstnarar, fjellfolk og musikarar. Her har eventyrarar blitt ønska hjarteleg velkomne i generasjonar
Sagatun skule ligg sentralt i Balestrand og har eit stort uteområde. Rundt oss har vi flott og mektig natur som vi har gleda av å nytta kvar dag. Skulen ligg heilt oppe i skoggrensa, med gode moglegheiter for å bruke naturen inn i undervisninga.
Badelaguna, Balasletta og Kong Bele, flotte skogsløyper, stor fotballbane og klatrepark, dragehus og kunst er noko av det som vi har rundt oss. Sentrum med butikkar, hotell, akvarium er også få minuttar unna.
Me treng deg som vil ta i vare barn og ungdommar som har kvardagen sin på skulen, i tillegg til at du møter elevane med respekt og positivitet.
Sogndal kommune er oppteken av samarbeid og erfaringsutveksling for å sikre god kvalitet og utvikling for alle elevane i den langstrakte kommunen vår.
Om stillingane:
Ledig vikariat hjå oss for skuleåret 2025/26:
100 % undervisningsstilling for lærar på ungdomsskulen og barnetrinnet, med ynskje om fagkompetanse i engelsk og norsk.
Omtrent 230 % fagarbeidar- assistentstilling, slikt det ser ut no blir den prosenten delt på tre stillingar.
Kvalifikasjonar:
Lærar:
Me søkjer relasjonssterke, utviklingsorientert og inkluderande lærarar med godt humør, som har undervisningskompetanse for ungdomsskule, der engelsk og norsk går inn som ein del av fagkombinasjonen. Erfaring med framandspråklege elevar er ein styrke. Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.
Arbeidsoppgåver:
Den viktigaste oppgåva di vil bli å møte mangfaldet på skulen med tryggleik og profesjonalitet.
Følgje opp elevar i deira læringsmiljø.
Planlegge og gjennomføre opplæring.
Vere ein trygg og tydeleg klasseleiar.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Kjennskap til bruk av digitale læremiddel i opplæringa.
Samarbeide med andre aktuelle instansar.
Personlege eigenskapar:
Eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng.
Har evne til å laga system og arbeide strukturert, tydeleg og målretta
Har god samarbeidsevne
Har gode relasjonar til elevar, tilsette og samarbeidspartar
Kan arbeide effektivt, nøyaktig og sjølvstendig
Har evne til å spreia motivasjon og arbeidsglede
Fleksibel, tilpassingsdyktig og har evna til å handtere nye utfordringar
Vi søker relasjonssterke og inkluderende fagarbeidere og/eller assistenter
Er du en person som brenner for å skape gode relasjoner og inkluderende miljøer? Me søker nå fagarbeidere og assistenter til både skulen og SFO.
Kvalifikasjoner:
Relasjonssterk og inkluderende
Erfaring fra arbeid i skole eller SFO er en fordel
Evne til å kommunisere godt med både barn og voksne
Språkferdigheter:
Det er ein fordel om du kan snakke ukrainsk i den eine stillinga.
Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som er positiv, engasjert og samarbeidsvillig.
Me tilbyr – gjeld alle stillingane:
Ein jobb som vil utfordre deg samtidig som den vil gi deg mykje.
Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Gode velferdsordningar
Løn etter gjeldande kvalifikasjonar og avtaleverk
Arbeidstida til lærarar følgjer skuleruta og planleggingsdagane for dei tilsette som er sett for kommunen
For assistentar og fagarbeidarar er vanleg arbeidsår med fem veker ferie.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
08.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6231248Se her for andre jobber fra Sogndal kommune