Vacancy

Innlandet fylkeskommune

Vinstra vidaregåande skule - Faglærar i bygg- og anleggsteknikk

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Beskrivelse

 Vinstra vidaregåande skule har ledig 60% fast undervisningsstilling på avdeling  byggfag frå 1. august 2025

Vi søkjer deg som

  • er oppteken av kvalitet i arbeidet
  • er sjølvstendig og strukturert, men trivst også med å arbeide i team
  • skaper gode relasjonar med elever og kollegaer
  • likar å arbeide i eit miljø med ungdom
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • interessante arbeidsoppgåver i samarbeid med kollegaer

  • eit godt arbeidsmiljø
  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  •  inntil 60% fast stilling
  • ledig frå 1/8-2025
  • faglærar i programfag på Vg1 bygg- og anleggsteknikk. Evt. undervisning på Vg2 betong- og murarfag eller tømrarfag
  • undervise elevar med behov for ekstra tilrettelegging
  • stillinga kan kombinerast med 140% midlertidig stilling

Arbeidsoppgåver

  • faglærar i programfag, teori og praktisk arbeid innanfor fagområdet byggfag.
  • ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisninga i tråd med skulens kvalitetssystem, læreplanar og aktivitetsplanar
  • arbeid i team og tverrfagleg samarbeid om undervisning og rettleiing
  • samarbeide med næringslivet i aktuelle bransjar
  • ivareta og utvikle verkstad, verktøy og anna utstyr som blir brukt i undervisninga

Kvalifikasjonskrav

  •  krav om fagbrev innanfor eit av fagområda: tømrarfag, betongfag, murarfag eller andre fagbrev frå bygg- og anleggsfaga

Ønskte kvalifikasjoner

  • Teknisk fagskule eller Ingeniørhøgskule er ein fordel, evt. godkjent yrkesfaglærarutdanning

Ønskte eigenskapar

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • serviceinnstilt og imøtekommande
  • fleksibel og løysingsorientert
  • lagspelar som er oppteke av å bygge lag og gode, trygge fellesskap

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.