Ledigt jobb

Utdanningsdirektoratet

Vil du vere med å utvikle kunnskapsgrunnlaget for barnehage, skule og fagopplæring? 

Departementer og direktorater

I avdeling for forsking og internasjonale studiar har vi no to ledige faste stillingar. Avdelinga har eit spesifikt ansvar for kunnskapsgrunnlaget for barnehagesektoren og grunnopplæringa, inkludert fag- og yrkesopplæringa. Vi har ei viktig rolle i å bidra til at politikkutviklinga er kunnskapsbasert, og at kunnskapen når barnehage- og skulesektoren. Kort sagt er vi opptekne av god brukarinnsikt og forsking, og at denne blir formidla slik at det er til nytte i vidareutviklinga av barnehage- og skuletilbodet.

Om du synest denne oppgåva høyrest spennande ut, er dette kanskje jobben for deg?

Du vil få jobbe med å utvikle og formidle kunnskapsgrunnlaget. Dette inkluderer å utføre analysar, lyse ut nye prosjekt og forskingsoppdrag, samt oppfølging og kvalitetssikring av resultat. Arbeidskvardagen vil sjeldan vere lik, og du vil få moglegheita til å jobbe mykje i team, både internt i avdelinga og opp mot andre fagavdelingar. Vi kan tilby deg faglege utfordringar, eit miljø der du får utvikle deg og samarbeide med dyktige fagfolk. Vi er fleksible, gir tillit og ansvar, og vi verdset balansen mellom jobb og fritid.

Avdeling for forsking og internasjonale studiar er ein del av Divisjon for kunnskap og teknologi. Du kan lese meir om Utdanningsdirektoratet og divisjonen på våre heimesider.

Kvalifikasjoner:

Du må ha

  • fullført ein mastergrad 
  • erfaring frå relevant forskings- og analysearbeid
  • god metodekompetanse, erfaring med bruk av kvantitativ metode er ein fordel
  • god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk
I tillegg er det ein fordel om du har

  • kjennskap til barnehage- og skulesektoren
  • erfaring frå statleg/offentleg forvaltning
  • erfaring frå arbeid med offentlege anskaffingar
  • erfaring med formidling av forskingsresultat 

Personlige egenskaper:

Vi søkjer deg som er

  • god til å analysere store mengder tekst, og til å dra ut den essensielle bodskapen
  • strukturert og planmessig i arbeidet ditt
  • initiativrik og utviklingsorientert
  • god til å samarbeide og å bygge relasjonar
Det er viktig at du som person eignar deg for stillinga. Dette er ein del av heilskapsvurderinga.

Vi tilbyr:

  • lønn som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364), kr  600 000 - 850 000 per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • stor bruk av team- og prosjektorganisering
  • ei verksemd som jobbar systematisk med utvikling
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • trening i arbeidstida
  • moderne lokale sentralt i Oslo sentrum

Utdanningsdirektoratet skal pregast av mangfald, og vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Vi oppfordrar deg til å krysse av i søknaden dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar til intervju i kvar gruppe. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivtilrsaerbehandling. Vi legg vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir teke til følgje.

Vi ber om at du legg ved vitnemål, karakterutskrifter og attestar saman med den elektroniske søknaden innan søknadsfristen.