• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    08.10.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5893513
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
  • Updated 01.10.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Øygarden kommune

Vil du vere med å byggje landsbyar rundt ungdom?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Øygarden søkjer etter ein erfaren familie- og/eller miljøterapeutar som vil vere med å byggje opp eit nytt tiltak for særleg sårbare ungdomar og deira familiar. Hovudmålet er å førebyggje flytting til barnevernsinstitusjon, samt å bidra til at nødvendige institusjonsopphald vert kortast mogleg og erstatta med individuell tilpassa hjelp i eigen familie/nettverk og heimkommune.

Tiltaket vil i oppstarten vere administrativt organisert under barnevernstenesta i kommunalsjefområde Oppvekst. Plasseringa av tiltaket kan verte endra etter oppstart.

Tiltaket skal jobbe etter Landsbymodellen. Med utgangspunkt i ordtaket «It takes a village to raise a child» har Øygarden utvikla ein modell for oppfølging av barn, ungdom og familiar - Landbymodellen. Modellen bygger på eit systemisk tankesett med fokus på kommunikasjon og samarbeid med ungdomen og alle dei vaksne, både private og profesjonelle relasjonar, rundt dei. Modellen handlar òg om trua på at ein saman kan mobilisere for å hjelpe ungdom og familiar ved å nytte ressursane som ligg naturlig i nettverket rundt familien.

Vi søkjer etter deg som har eit stort hjarte for ungdomar og familiar som opplev motgang på fleire område i livet. Du må vere relasjonelt modig og tolmodig, og vere open for innovative løysingar. Teamarbeid vil vere eit sentralt prinsipp i tiltaket.

Øygarden kommune har ei 100 % fast stilling ledig til det nye tiltaket.

Arbeidsoppgåver:
  • Tett samarbeid med barnevernstenesta etter Landsbymodellen kor ungdommen er ein aktiv og involvert aktør.
  • Systematisk arbeid som fremjar vekst og utvikling for ungdomen og familiane deira.
  • Bidra til at ungdommen blir møtt med ei felles forståing og samla ivaretaking av alle dei vaksne rundt ungdomen.
  • Arbeid med endring gjennom gode og trygge relasjonar.  
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Skriftleg dokumentasjon av arbeidet.
  • Bidra aktivt til utviklinga av tiltaket.
Kvalifikasjonar: Må ha:
  • relevant treårig sosialfagleg-, helsefagleg eller tilsvarande høgskuleutdanning
  • gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B
  • fleksibilitet i høve arbeidstid og noko reiseverksemd
Ønskjeleg med:
  • vidareutdanning innanfor barnevern, familieterapi og/eller psykisk helse
  • miljøterapeutisk erfaring frå arbeid med ungdom
  • rettleiingskompetanse eller erfaring med traumebasert omsorg
  • erfaring frå barneverntenesta si målgruppe
  • kompetanse og/eller erfaring innan sentrale fagområde som til dømes tilknyting, traume, sorg/tap
Personlege eigenskapar:
  • Gode relasjonelle ferdigheiter.
  • Evne til å vere raus og audmjuk ovanfor menneske i krise
  • Evne til å vere løysingsorientert, initiativrik og fleksibel
  • Evne til å arbeid målretta og systematisk
  • Interesse for faglege og etiske refleksjonar
  • Trygg, stabil og omsorgsfull rollemodell
  • personlege eigenskapar for oppgåvene

At du er personleg egna vert vektlagd i desse stillingane.

Vi tilbyr:
  • Eit fagleg og engasjert arbeidsmiljø med høge ambisjonar
  • Jamleg fagleg rettleiing og oppfølging i rolla di.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
Kontakt:

Einingsleiar for barnevernstenesta Hege Gundersen, tlf. 934 84 846

Prosjektleiar for tiltaket Janne Kleppe Kalstad, tlf. 957 21 607

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    08.10.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5893513
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
  • Updated 01.10.2024