• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    01.01.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4909447
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
  • Uppdaterad 10.12.2022
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Ål Kommune

PP-rådgjevar 100 % fast stilling - PP-tenesta i Hol/Ål

Offentlig forvaltning

Er du ein relasjonsbyggjar og har barnets beste i fokus?
Liker du å engasjere deg i faglege og pedagogiske spørsmål om læring og utvikling?
Ønskjer du spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde?

Då ønsker vi deg velkomen til vårt team!

Du kan rekne med variert og spanande jobb - i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Tverrfagleg samarbeid står i fokus. Me legg til rette for kurs og etterutdanning.

Me søkjer etter fagleg, dyktig og engasjert medarbeidar som vil vere med å vidareutvikle PP-tenesta i tråd med samfunnsutviklinga og lokale behov. 
Det er ledig 100 % fast stilling som PP-rådgjevar. I tillegg til PP- tenesta kan delar av stillinga bli knytt til prosjekt- og utviklingsarbeid. Det kan også bli lagt til andre arbeidsoppgåver knytt til arbeid med barn og unge. Ynskt stillingstorleik vil bli avtalt ved tilsetting.

Arbeidsoppgåver

  • systemretta arbeid med kompetanse- og organisasjonsutvikling
  • utgreiing- og sakkyndigarbeid
  • tverrfagleg samarbeid
  • deltaking i prosjekt- og utviklingsarbeid

Alle skulane og barnehagane har faste primærkontaktar. Gjennom primærkontaktarbeidet er PPT for Ål og Hol tett og tidleg på. Vi deltek saman med skule og barnhage i kommunale satsingsområde. PPT har fokus på førebyggande arbeidet og hjelpe born og foreldre slik at dei opplever mestring i eigne liv.

Me søkjer etter

  • mastergrad i pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi eller embetsstudie i pedagogikk eller psykologi, gjerne med:
    • utgreiing- testkompetanse
    • erfaring frå systemarbeid
    • erfaring og utgreiingsarbeid frå til dømes PPT eller BUP
  • har du anna relevant utdanning på master- / bachelornivå og relevant arbeidserfaring, og har trua og lyst til å vere med å i å bygge laget rundt barnet for å sikre barn og unge best mogleg utvikling emosjonelt sosialt og fagleg? Då bør du søkje – vi ønskjer å tenkje langsiktig med å utvikle vårt tverrfaglege team. Er du den rette- så kan vi vere med legge til rette for nødvendig vidareutdanning.

Det blir forventa at du

  • har god munnleg og skriftlig framstillingsevne
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er engasjert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • kan jobbe sjølvstendig og i team
  • viser engasjement og er nysgjerrig
  • er motivert for å utvikle og dele sin kompetanse
  • har etisk og høg fagleg standard i arbeidet
  • bidreg til eit godt fagleg og sosialt fellesskap
  • kan legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader ved tilsetting

Vi tilbyr

  • inkluderande og sosialt arbeidsmiljø
  • faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
  • fast lønnstillegg - rettleiartillegg
  • fast utgiftsdekning for bruk av eigen bil i tenesta
  • kommunal fadderordning
  • hjelp til å skaffe bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. Pensjonsordning i KLP.

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad.

Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

Bu og jobbe i Ål og Hol

Ål, Hol og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter Det er fleire togavgangar dagleg, begge vegar. Her bur du i eit flott fjell- og turområde, der du kan nytte dagane før eller etter jobb på ski, fjelltur eller sykkel, eller på noko av det store kulturtilbodet i kommunen. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv.
Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; enten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. Vi ynskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert.

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    01.01.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4909447
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
  • Uppdaterad 10.12.2022