• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    01.01.2023
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4909451
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
  • Uppdaterad 10.12.2022
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Ål Kommune

Miljøterapeut 100 % prosjektstilling - Familiens hus

Offentlig forvaltning

Har du lyst å vere med å utvikle det førebyggjande og tverrsektorielle samarbeidet i kommunen?
Er du fleksibel og ynskjer å jobbe tett på med barn, ungdom, deria familie og nettverk?
Ønskjer du å  fremje trivsel, fysisk og psykisk helse med fokus på meistring?
Er du ein relasjonsbyggjar og har barnets og ungdomens beste i fokus?

Då er denne prosjektstillinga noko for deg!

Familiens Hus vil utvikle det tverrfaglege laget rund barn, ungdom og deira familiar ut i frå deira behov. Me vil styrke innsatsen på:

  • tidleg førebyggjande arbeid rundt barn og familiar
  • foreldestøttande arbeid
  • arbeid med bekymringsfullt skulefråvær
  • overgang til vaksenlivet – saman med IPS,
  • FACT- ung samarbeidet
  • lågterskeltilbod for å motverke einsemd og utanforskap i lag med andre støttespelarar.

Oppgåvene er varierte og mangfaldige der den enkelte sitt behov avgjer tiltaket. Du vil jobbe i tett lag med dyktige kollegaer i eit engasjert og tverrfagleg miljø.

Kommunen har fått statlege prosjektmidlar, i første omgong for år 2023. Prosjektetstillinga kan bli forlenga.

Kvalifikasjonar

  • helse- og/eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå. Anna relvant utdanning kan bli vurdert
  • ynskeleg med vidareutdanning i familieterapi eller psykososialt arbeid for barn og unge
  • førarkort i klasse B

Eigenskapar

  • du har engasjement for faget og brukargruppa
  • du er positiv, løysningsorientert og fleksibel
  • du kommuniserer godt med barn og unge, deira føresette og samarbeidspartar
  • du ser mogligheiter og motiverer for meistring og endring

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø med erfarne og kunnskapsrike kollegaer
  • fagleg og personleg utvikling
  • stort fokus på tverrfagleg arbeid og utvikling av gode tenester
  • arbeidsplan/turnus med lite ubekvem arbeidstid
  • gode system for samarbeid med andre

Lønsvilkår

  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
  • pensjonsordning i KLP
  • rekruttere og behaldetillegg

Utdanning, opplæring og kurs

Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobilt ferdigheitstrening og regionale fagkurs.

Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling.

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad. 

Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

Bu og jobbe i Ål

Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!

Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ynskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Meir informasjon finn du her.

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    01.01.2023
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4909451
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
  • Uppdaterad 10.12.2022