Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
01.01.2023Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4909451Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 10.12.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Miljøterapeut 100 % prosjektstilling - Familiens hus
Offentlig forvaltning
Har du lyst å vere med å utvikle det førebyggjande og tverrsektorielle samarbeidet i kommunen?
Er du fleksibel og ynskjer å jobbe tett på med barn, ungdom, deria familie og nettverk?
Ønskjer du å fremje trivsel, fysisk og psykisk helse med fokus på meistring?
Er du ein relasjonsbyggjar og har barnets og ungdomens beste i fokus?
Då er denne prosjektstillinga noko for deg!
Familiens Hus vil utvikle det tverrfaglege laget rund barn, ungdom og deira familiar ut i frå deira behov. Me vil styrke innsatsen på:
- tidleg førebyggjande arbeid rundt barn og familiar
- foreldestøttande arbeid
- arbeid med bekymringsfullt skulefråvær
- overgang til vaksenlivet – saman med IPS,
- FACT- ung samarbeidet
- lågterskeltilbod for å motverke einsemd og utanforskap i lag med andre støttespelarar.
Oppgåvene er varierte og mangfaldige der den enkelte sitt behov avgjer tiltaket. Du vil jobbe i tett lag med dyktige kollegaer i eit engasjert og tverrfagleg miljø.
Kommunen har fått statlege prosjektmidlar, i første omgong for år 2023. Prosjektetstillinga kan bli forlenga.
Kvalifikasjonar
- helse- og/eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå. Anna relvant utdanning kan bli vurdert
- ynskeleg med vidareutdanning i familieterapi eller psykososialt arbeid for barn og unge
- førarkort i klasse B
Eigenskapar
- du har engasjement for faget og brukargruppa
- du er positiv, løysningsorientert og fleksibel
- du kommuniserer godt med barn og unge, deira føresette og samarbeidspartar
- du ser mogligheiter og motiverer for meistring og endring
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med erfarne og kunnskapsrike kollegaer
- fagleg og personleg utvikling
- stort fokus på tverrfagleg arbeid og utvikling av gode tenester
- arbeidsplan/turnus med lite ubekvem arbeidstid
- gode system for samarbeid med andre
Lønsvilkår
- lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
- pensjonsordning i KLP
- rekruttere og behaldetillegg
Utdanning, opplæring og kurs
Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobilt ferdigheitstrening og regionale fagkurs.
Politiattest
Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling.
Send søknad
Du må sende elektronisk søknad.
Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Bu og jobbe i Ål
Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!
Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ynskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Meir informasjon finn du her.
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
01.01.2023Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4909451Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 10.12.2022