Company
Ål KommuneApplication deadline
01.11.2021Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlige tjenester og forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4065964Look here for other jobs from Ål Kommune
- Updated 19.10.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Ål Kommune
Vil du vera med på å planlegge fremtidas kommune? Arealplanleggjar - 100% fast stilling
Offentlige tjenester og forvaltning
Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Er du glad i friluftsliv (ski, sykkel, klatring, riding, vandring) og set pris på eit rikt kulturliv er Ål plassen for deg - sentralt i Sør-Noreg midt mellom Oslo og Bergen.
Som vår medarbeidar blir du ein del av det faglege miljøet i kontorfellesskap med byggesak, oppmåling, landbruk, kart, næringsutvikling og folkehelse. Me er ein trivelig gjeng på 19 dedikerte medarbeiderar. Me supplerar kvarandre godt med breid kompetanse og eit høgt fagleg engasjement.
Arbeidsoppgåver
Avdelinga vår har eit stort ansvar for kommunen si utvikling med mål om å lage ein god stad å bu og flytte til. Dette gir utfordrande, varierte og interessante oppgåver både i planprosessar og sakshandsaming. Dine hovedoppgåver vil vera lokalsamfunnsutvikling, arealplanlegging med revisjon av kommuneplanens arealdel og handsaming av private og kommunale reguleringsplanar.
Vi ynskjer at du:
• Har formell plankompetanse.
• Har erfaring frå arbeid med reguleringsplanar og god kjennskap til plan- og bygningslova.
• Vil vera med å jobbe for positiv utvikling i Al.
Du kan og vera nyutdanna med relevant fagbakgrunn.
Personlege eigenskapar
• Er open og lærevillig og har evne til å skape godt samarbeid, både internt og eksternt.
• Har forståing for prosessar.
• Utrykker deg klart og forståeleg munnleg og skriftleg.
Me tilbyr
• Løn etter avtale. Tilsetting iht. gjeldande lov- og avtaleverk. Løn etter ansiennitet og kvalifikasjonar. Stillinga er ledig frå 10. november.
• Pensjonsordning gjennom Kommunal Landspensjonskasse.
• Me hjelper til med å skaffe bustad og barnehageplass.
Send søknad
Søknad på stillinga sendast elektronisk via heimesida til Ål kommune: www.aal.kommune.no . Når du har valt aktuell stilling er det ein grøn knapp «Send søknad» øvst i høgre hjørne. Du skal ikkje sende inn vitnemål og attestar. Ta med kopiar av disse til eit eventuelt intervju. Kommunen følgjer offentlighetsloven § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.
Søknadsfrist 1. november
Company
Ål KommuneApplication deadline
01.11.2021Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlige tjenester og forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4065964Look here for other jobs from Ål Kommune
- Updated 19.10.2021