• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    06.12.2020
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3291207
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 21.11.2020
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Fjaler kommune

Vil du kombinere miljøarbeid og fokus på fysisk aktivitet?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi er interessert i å gje gode tenester til dei som treng det mest. Deler du denne interessa og vil bli ein del av vårt team? Våre tenester vert no tilpassa ny organisering for å møte framtidas behov, og vi har spanande oppgåver til både nyutdanna og dei med lang erfaring. 

No søkjer vi etter ein tilsett i 100% fast stilling som trivast med miljøarbeid, og som kan sjå fysisk aktivitet og trening i eit livsløpsperspektiv for brukarane våre.

Den vi søkjer etter må kunne vere ein pådrivar for fysiske aktivitetstiltak innad i tenesta, og sjå dette i samanheng med ernæring for våre brukarar. Ordinære oppgåver i miljøtenesta vil vere ein del av stillinga, og som tilsett hos oss vil du ta del i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Noko for deg? Ta gjerne kontakt for meir informasjon om stillinga og arbeidsplassen vår.

Arbeidsoppgåver

  • Bistå helsefremjande, rehabiliterande, førebyggande og miljøterapeutisk for personar med utviklingshemming
  • Utarbeide tiltak i samsvar med enkeltvedtak og jobbe målretta med desse
  • Tilrettelegge individuell bistand i daglege gjeremål med fokus på sjølvstende
  • Delta i det daglege arbeidet slik at tenestene sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og god måte
  • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
  • Vere ein ressurs i høve kartlegge funksjonsfall og kunne bistå med å ta i bruk rette hjelpemidlar
  • Kartlegge og tilby alders- og funksjonstilpassa aktivitetar for alle aldersgrupper
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag eller pedagogiske utdanningsretningar. 
  • Førarkort klasse B
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst, engasjert
  • God på kommunikasjon
  • Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø
  • Engasjement for eldreomsorg
  • Gode samarbeidsevner
  • Godt humør
  • Fleksibel

Vi tilbyr

  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Fadderordning
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    06.12.2020
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3291207
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 21.11.2020