Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
25.05.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6608383Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
Vestnes kommune
Vil du jobbe med vatn og avløp i Vestnes kommune?
Offentlig forvaltning
Arbeidsstad
Tekniske tenester har ansvar for plan- og byggesaksbehandling, landmåling, landbruk, forvaltning av kommunale vegar, grøntområde og avløpsanlegg, samt brann, feiing og tilsyn.
Hos oss får du arbeide med samfunnskritisk infrastruktur der du vil sikre trygg og berekraftig drift og bidra til reine nærmiljø. Vi planlegg fleire spennande prosjekt som du vil bli ein del av, noko som gir moglegheiter for varierte oppgåver og utfordringar innan fagfeltet.
Arbeidsoppgåver
- Koordinere drift av kommunen sine avløpsanlegg (leidningsnett, slamavskiljarar, pumpestasjonar og silanlegg).
- Planlegging/prosjektering og koordinering av sanering og nybygging av kommunale avløpsanlegg.
- Sakshandsaming av påslepps- og utsleppssøknader, samt dialog med relevante partar.
- Planleggje tilsyn med private avløpsanlegg/sprett avløp, og oppfølging av pålegg knytte til desse.
- Gje fråsegner på vegner av fagområdet i plan- og byggjesaker.
- Kommunen har ikkje eige vassverk, men det ligg til denne stillinga å ivareta kommunen sitt overordna ansvar for vassforsyninga.
Kvalifikasjonar
- Minimum bachelor frå høgskule/universitet innanfor relevant fagområde.
- Anna relevant utdanning vil også bli vurdert
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- God kompetanse i brukt av digitale verktøy
- Sertifikat, klasse B
- Det er ønskeleg med erfaring frå offentleg forvaltning, relevant arbeid og prosjektering/prosjektkoordinering
Personlege eigenskapar
- Ansvarsfull og sjølvstendig
- Kunne ha god dialog med innbyggarar og andre
- Gode samarbeidsevner
- Engasjert i det aktuelle fagområdet
- Vere strukturert og nøyaktig
- Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på
Vi tilbyr
- Stilling med eit viktig samfunnsoppdrag
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Fleksitidsordning
- Triveleg og godt arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
Tilsetjingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Prøvetid er 6 månader i faste stillingar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmål og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
25.05.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6608383Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
-
80% engasjement - miljørettleiar ved Tomrefjord skule/SFO
Vestnes kommune
VESTNES -
80% fast stilling som miljørettleiar ved Tomrefjord skule/SFO
Vestnes kommune
VESTNES -
Vestnes kommune søkjer politisk sekretær inntil 80 % vikariat ut 2026
Vestnes kommune
VESTNES -
Inntil 2 x 100 % vikar undervisningsstilling - Tomrefjord skule
Vestnes kommune
Tomrefjord -
Barnehagelærar
Vestnes kommune
Fiksdal