Ledig stilling

Vestnes kommune

80% fast stilling som miljørettleiar ved Tomrefjord skule/SFO

Offentlig forvaltning

Stillingstype
Det er ledig ei fast stilling som i 80 % ved Tomrefjord skule og SFO skule frå 01.08.2026.
Vi søkjer etter miljørettleiar som kan hjelpe og støtte opp i læringsprosessar for elevar med særskilte behov i skule og SFO. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.


Arbeidsoppgåver
- Utarbeide og gjennomføre tilpassa planar for elevar på skule og SFO, i tett samarbeid med faglærarar, føresette og kollegaer
- Tett oppfølging av elevar med særskilte behov
- Delta i møter knytt til elevar med særskilte behov
- Tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- Legge til rette for eit godt læringsmiljømarbeid
- Rettleie elevar fagleg og sosialt


Kvalifikasjonar
- Vernepleiarutdanning, eller anna relevant høgskule- eller universitetsutdanning som kvalifiserer til arbeid som miljørettleiar
- Erfaring frå arbeid med barn er ønskeleg
- Erfaring med tilrettelegging for barn med nevroutviklingsforstyrring er ønskeleg
- Beherske norsk munnleg og skriftleg
- Ha gode kommunikasjonsevner
- Ha relevante digitale ferdigheiter
- Det blir stilt krav om politiattest
- Personlege eigenskapar vil og bli vektlagt


Personlege eigenskapar
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Er stabil og fleksibel
- Er fagleg engasert
- Har evne til å opptre som ein trygg og tydeleg vaksen


Vi tilbyr
- Allsidige utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Løn etter gjeldande regelverk
- Kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- Pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale


Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju.


Referansar
Oppgi referansar


Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsproses. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmål og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.


Søkjarlista kan bli offentleggjort.