• Företag
    Skatteetaten
  • Ansökningstiden
    10.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6603379
  • Se här för andra jobb från Skatteetaten
Ledigt jobb

Skatteetaten

Vil du jobbe med saker som bidrar til at skatt blir rett fastsett – også når eigarskap og verdiar kryssar landegrenser?

Direktorater og tilsynsorgan

Vi skal styrkje arbeidet med internasjonale skattespørsmål og søkjer no ein ny kollega til gruppa vår i Førde. Som rådgivar hos oss vil du jobbe med å sikre rett skatt på utbytte som utanlandske skattepliktige får frå norske selskap – eit fagområde som betyr mykje for etterleving og for tilliten til skattesystemet i ein stadig meir internasjonal økonomi.

Du blir ein del av eit tverrfagleg fagmiljø med 17 kollegaer med ulik fagbakgrunn – mellom anna analytikarar, økonomar, revisorar og juristar. Her er det høgt under taket – noko som for oss betyr gode faglege diskusjonar der vi lærer av kvarandre og der spørsmål alltid er velkomne. 

Kvalifikasjoner:

Du har:

  • minimum bachelorgrad, gjerne innan økonomi eller jus. Mastergrad er ein fordel. Nyutdanna som fullfører utdanninga si våren 2026, blir oppmoda til å søkje, men eksamen må vere bestått før oppstart i stillinga. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av NOKUT/HK-dir. 
  • gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk og engelsk

Det er ein fordel om du har:

  • interesse for eller erfaring med digitale arbeidsverktøy, inkludert KI

Personlige egenskaper:

Du er utviklingsorientert, lærevillig og trivst med komplekse saker. Du samarbeider og kommuniserer godt og trivst både med å jobbe sjølvstendig og i team. Du er opptatt av å få ting gjort og levere gode resultat.  

Vi tilbyr:

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur vi du vil trivast hos oss! Vi kan freiste med høvet til å jobbe med samfunnsaktuelle saker i ein nytenkjande organisasjon som haustar stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og du får store moglegheiter til å planleggje eigen arbeidsdag.

Hos oss får du rammer som sikrar deg ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid. Du får fleksitid, betalt overtid og sommartid, og du kan dessutan få trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med. Det betyr mellom anna at du får ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på spk.no.

Vi veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med høve til å veksle mellom å jobbe heimanfrå og å møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt leggje til rette for. Hos oss kan ein inngå ein avtale om heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det lèt seg gjere.

Du blir tilsett som rådgivar med ei årslønn mellom 600 000 og 750 000 kr, avhengig av kvalifikasjonane dine.

 

Verdt å merkje seg før du søkjer

Søknadsbrev bruker vi sjølvsagt ikkje. For oss er det meir nyttig at du leverer ein utfyllande CV der du får fram kva du har gjort tidlegare som gjer at dette kan vere ein god match. Få gjerne med korleis du har jobba med problemstillingane på fagområdet så langt.

Omvend referansesjekk er noko vi tilbyr om du er aktuell for stillinga. Det betyr at du får ringje nokon av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønskje, for å finne betre ut om vi er ein god match. Vi vil at du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. 

Likeverd, likestilling og mangfald er ein del av kulturen vår, og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og oppførsel. Vi er på jobb for alle, og Skatteetaten skal vere ein god stad å jobbe for alle. Dersom du har hòl i CV-en din, funksjonsnedsetjingar eller innvandrarbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer stillinga hos oss. Det gjer det mogleg for deg å få positiv særbehandling. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Lista viser namn, alder, stilling og bustadkommune. Du kan be om å bli halde unna denne søkjarlista. Då må du i så fall grunngi kvifor du ønskjer det, og vi tar deretter stilling til om vi kan innvilge ønskjet ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss. 

 

Om arbeidsgivaren
Vel ein jobb der du får utfordra deg sjølv gjennom å løyse utfordringar for andre. Vi sikrar finansieringa av velferdssamfunnet ved å sørgje for at alle bidrar med det dei skal. Vi gjer det på vegner av fellesskapen, fordi velferda er noko som kjem alle til gode. Folk har høg tillit til oss, og vi jobbar kvar dag for å fortene denne. Vi består av eit direktorat, fem divisjonar med landsdekkjande ansvar og, viktigast av alt: litt over 7000 engasjerte medarbeidarar som er stolte av arbeidsplassen sin. Vil du bli enda betre kjent med oss og alt vi held på med? Les meir på skatteetaten.no

 

 

   

  • Företag
    Skatteetaten
  • Ansökningstiden
    10.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6603379
  • Se här för andra jobb från Skatteetaten