Company
MattilsynetApplication deadline
26.04.2020Form of employment
workTime.HeltidIndustry
Offentlige tjenester og forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5006, BERGEN
BERGEN
Number of positions
1Career-kode
2803620Look here for other jobs from Mattilsynet
- Updated 03.04.2020
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Mattilsynet
Vil du jobbe med fiskehelse/fiskevelferd?
Offentlige tjenester og forvaltning
Mattilsynet er ein kunnskapsorganisasjon som legg stor vekt på kompetanseutvikling og å dele kunnskap på tvers av fagområde. Sentralt i organisasjonen står teamarbeid og medarbeidarskap. Som medarbeidar får du fagleg utvikling og kan påverke eigen arbeidssituasjon. Mattilsynet er ein viktig samfunnsaktør og må heile tida vere i endring for å takle nye utfordringar. Region Sør og Vest har 7 avdelingar. Avdeling Bergen og omland er ein av desse med kontorstader i Bergen, Voss og Norheimsund.
Som inspektør innan akvakultur får du eit unikt innblikk i havbruksnæringa. Du bruker fagkunnskapen din til å vurdere og forbetre helse og velferd for oppdrettsfisk, og er med på å utvikle havbruksnæringa i ei meir bærekraftig retning. Arbeidskvardagen din er fleksibel, du er ute i felt og på kontoret. Rundt deg har du eit tverrfagleg og støttande team. Arbeidet med fiskehelse er organisert i regionalt team og vert leia av fagrådgivar fiskehelse. Teamet arbeider på tvers av avdelingane når det er påkrevd.
Avdeling Bergen og omland har ledig 2 faste stillingar for veterinær eller fiskehelsebiolog. Ein med kontorstad i Bergen, og ein med kontorstad i Norheimsund.
- Arbeidsoppgåvene vil dekke heile fagfeltet innan akvakultur. Du vil reise ut til oppdrettsanlegg for å gjere inspeksjonar/revisjonar og prøveuttak. Du får oppgåver med å handtere sjukdomsutbrot, gjere utgreiingar og sakshandsaming.
- Du jobbar også med førebygging, opplysning og rettleiing overfor bedrifter.
- Du er veterinær med norsk autorisasjon eller fiskehelsebiolog.
- Du har gjerne relevant arbeidserfaring, for eksempel frå havbruksnæringa eller offentleg forvaltning. Nyutdanna er også velkommen til å søkje.
- Du snakkar og skrive flytande norsk
- Du er fortruleg med å nytte IKT-verktøy og nye digitale løysingar.
- Du har førerkort i klasse B, kontoret disponerer leasingbil.
- Du trives med å arbeide i team, men kan også arbeide sjølvstendig.
- Du har evne til å lytte, rådføre deg med andre og kommunisere proaktivt.
- Du kommuniserer klart og tydeleg, og bruker fagkunnskapen din på ein relevant og konkret måte.
- Du arbeide effektivt og taklar varierte dagar og eit høgt tempo.
- Du er lojal og har god forståing for tilsynsrolla.
- Eit meningsfylt arbeid for deg som er opptatt av fiskehelse.
- Eit tverrfagleg og støttande arbeidsmiljø, kor det er låg terskel og høgt under taket.
- Ein fleksibel arbeidsdag der du kan påverke kor mykje du er ute i felt og inne på kontoret.
- Stillinga er løna i st. kode 1498, førsteinspektør pt 490.000 - 590.000 pr år. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar med lang relevant praksis, kan kode 1499, seniorinspektør og høgare avlønning verte vurdert.
- Som tilsett i staten nyt du godt av gunstige pensjons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse, og du har rettar i samsvar med statleg regelverk og tariffavtalar.
- Mattilsynet er oppteken av mangfald og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb i Mattilsynet uansett alder, kjønn, redusert funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Slik søkjer du
- Søknaden vert berre mottekne elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden.
- Vi ber om at du registrerer fullstendig CV, og laster inn vitnemål og attestar som vedlegg.
- Du kan gjerne oppgi om du søkjer begge, eller berre den eine av stillingane
Company
MattilsynetApplication deadline
26.04.2020Form of employment
workTime.HeltidIndustry
Offentlige tjenester og forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5006, BERGEN
BERGEN
Number of positions
1Career-kode
2803620Look here for other jobs from Mattilsynet
- Updated 03.04.2020