• Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    26.04.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5006, BERGEN
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2803620
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 03.04.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Mattilsynet

Vil du jobbe med fiskehelse/fiskevelferd?

Offentlige tjenester og forvaltning

Mattilsynet er ein kunnskapsorganisasjon som legg stor vekt på kompetanseutvikling og å dele kunnskap på tvers av fagområde. Sentralt i organisasjonen står teamarbeid og medarbeidarskap. Som medarbeidar får du fagleg utvikling og kan påverke eigen arbeidssituasjon. Mattilsynet er ein viktig samfunnsaktør og må heile tida vere i endring for å takle nye utfordringar. Region Sør og Vest har 7 avdelingar.  Avdeling Bergen og omland er ein av desse med kontorstader i Bergen, Voss og Norheimsund.

Som inspektør innan akvakultur får du eit unikt innblikk i havbruksnæringa. Du bruker fagkunnskapen din til å vurdere og forbetre helse og velferd for oppdrettsfisk, og er med på å utvikle havbruksnæringa i ei meir bærekraftig retning. Arbeidskvardagen din er fleksibel, du er ute i felt og på kontoret. Rundt deg har du eit tverrfagleg og støttande team.  Arbeidet med fiskehelse er organisert i regionalt team og vert leia av fagrådgivar fiskehelse. Teamet arbeider på tvers av avdelingane når det er påkrevd.
Avdeling Bergen og omland har ledig 2 faste stillingar for veterinær eller fiskehelsebiolog. Ein med kontorstad i Bergen, og ein med kontorstad i Norheimsund.

Arbeidsoppgåver
  • Arbeidsoppgåvene vil dekke heile fagfeltet innan akvakultur. Du vil reise ut til oppdrettsanlegg for å gjere inspeksjonar/revisjonar og prøveuttak. Du får oppgåver med å handtere sjukdomsutbrot, gjere utgreiingar og sakshandsaming.
  •  Du jobbar også med førebygging, opplysning og rettleiing overfor bedrifter.
Kvalifikasjonar
  • Du er veterinær med norsk autorisasjon eller fiskehelsebiolog.
  • Du har gjerne relevant arbeidserfaring, for eksempel frå havbruksnæringa eller offentleg forvaltning. Nyutdanna er også velkommen til å søkje.
  • Du snakkar og skrive flytande norsk
  • Du er fortruleg med å nytte IKT-verktøy og nye digitale løysingar.  
  • Du har førerkort i klasse B, kontoret disponerer leasingbil.
Personlege eigenskapar
  • Du trives med å arbeide i team, men kan også arbeide sjølvstendig.  
  • Du har evne til å lytte, rådføre deg med andre og kommunisere proaktivt.
  • Du kommuniserer klart og tydeleg, og bruker fagkunnskapen din på ein relevant og konkret måte.
  • Du arbeide effektivt og taklar varierte dagar og eit høgt tempo.  
  • Du er lojal og har god forståing for tilsynsrolla.
Vi tilbyr
  • Eit meningsfylt arbeid for deg som er opptatt av fiskehelse.
  • Eit tverrfagleg og støttande arbeidsmiljø, kor det er låg terskel og høgt under taket.
  • Ein fleksibel arbeidsdag der du kan påverke kor mykje du er ute i felt og inne på kontoret.  
  • Stillinga er løna i st. kode 1498, førsteinspektør pt 490.000 - 590.000 pr år. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar med lang relevant praksis, kan kode 1499, seniorinspektør og høgare avlønning verte vurdert.
  • Som tilsett i staten nyt du godt av gunstige pensjons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse, og du har rettar i samsvar med statleg regelverk og tariffavtalar.
  • Mattilsynet er oppteken av mangfald og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb i Mattilsynet uansett alder, kjønn, redusert funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Slik søkjer du 

  • Søknaden vert berre mottekne elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden. 
  • Vi ber om at du registrerer fullstendig CV, og laster inn vitnemål og attestar som vedlegg.
  • Du kan gjerne oppgi om du søkjer begge, eller berre den eine av stillingane
 

  • Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    26.04.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5006, BERGEN
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2803620
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 03.04.2020