• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    14.12.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6465662
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
Vacancy

Sogndal kommune

Vil du jobbe ein stad du får tillit, ansvar og høve til å gjere ein forskjell?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Heimetenesta i Sogndal søkjer nye kollega! 

I Sogndal utviklar me tenester som set menneske i sentrum, både dei som får hjelp og dei som gir ho. Alle stillingane er i utgangspunktet knytt til heimetenesta i Sogndal, og nokre er organiserte gjennom bemanningssentralen. Det betyr at du får solide rammer, god opplæring og varierande oppgåver i eit fagmiljø som verdset utfordringar. 

H oss får du:

  • Varierte og fagleg spennande dagar 
    Du møter menneske i ulike livssituasjonar og får bruke heile kompetansen din, frå kliniske vurderingar til relasjonsarbeid og oppfølging i heimen. 

  • Sjølvstende og eit sterkt lag rundt deg 
    Du arbeider sjølvstendig ute i felt, men har alltid eit støtteapparat av kollegaer som er tilgjengeleg når du treng dei. 

  • Ein arbeidsplass som utviklar seg 
    Me testar nye løysingar, lærer av erfaringar og utviklar tenestene saman. Du får høve til å påverke arbeidsmåtar og fagleg retning. 

  • Tid til å vere til stades 
    Me veit at kvalitet krev ro, tryggleik og gode relasjonar. Me legg til rette for ein arbeidskvardag der du faktisk får gjort arbeidet grundig. 

  • Eit liv nær natur, aktivitet og fellesskap 
    Sogndal gir deg balanse. Ei meiningsfull stilling med fjord, fjell og fritidsliv rett utanfor døra.

Dette kan passe for deg som:

  • Er fagleg trygg, nysgjerrig og engasjert 

  • Trivst med ansvar og tek initiativ 

  • Samarbeider godt og møter menneske med varme og profesjonalitet 

  • Ønskjer ein arbeidsplass som satsar på utvikling og nye idear 

H oss kan du jobbe som:

  • Sjukepleiar 

  • Vernepleiar 

  • Helsefagarbeidar 

  • Student innan helse eller sosialfag med ønske om relevant erfaring 

Klar for å bli ein del av heimetenesta i Sogndal? Me tilsett fortløpande og oppmodar deg til å søkje tidleg.

Skriv gjerne kva type jobb og stillingsstorleik du er interessert i, me ser fram til å bli kjent med deg!  

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    14.12.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6465662
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune