Ledig stilling

Sogndal kommune

Vil du hjelpe ungdom ut i arbeid eller utdanning?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vert du motivert av å jobbe med menneske? Ynskjer du å bidra til at fleire kan få moglegheit til å lukkast med arbeid eller utdanning? NAV Sogndal søker deg som vil jobbe med inkludering av ungdom i arbeidslivet. Vi ser etter deg med talent for å bygge og vedlikehalde relasjonar og som blir motivert av å skape moglegheiter i arbeidsmarknaden.

NAV Sogndal har ledig 100% fast kommunal stilling som rådgjevar i regionalt ungdomsteam i Sogn. Stillinga er ledig frå 01.04.25 eller etter nærare avtale.

Vi har kontorplass på Leikanger i gode og moderne lokale.

Som rådgjevar vil du:

  • Oppsøke utdanningsinstitusjonar og bedrifter, skape dialog og bygge nettverk
  • Rettleie og følgje opp ungdom om utdanning og/eller jobb, kompetanse, kvalifikasjonar eller eigenskapar  med mål om å finne gode løysingar i ordinært arbeidsliv
  • Saman med ungdomen lage ein plan for studiar eller jobb etter ungdomen sine ynskjer og mål
  • Engasjere og motivere både ungdom og samarbeidspartar og andre personar i nettverket rundt ungdomen og bidra til at dei kjem i arbeidsretta aktivitet

 

Andre oppgåver knytt til kontoret må påreknast, og det kan bli endringar i arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar:

Du må ha:

  • fullført minimum 3 årig utdanning frå høgskule eller universitet
  • god digital kompetanse
  • gode samarbeidsevner
  • førarkort klasse B

Det er ynskjeleg at du har:

  • erfaring frå oppfølgingsarbeid, gjerne frå NAV
  • god kartleggings- og rettleiingskompetanse
  • kjennskap til NAV sine verkemidlar
  • erfaring frå oppfølging med ungdom

 

 

Personlege eigenskapar

  • er ansvarsbevisst, fleksibel og engasjert
  • har evne til å jobba sjølvstendig, strukturert og målretta
  • er ein lagspelar som deler erfaringar og kompetanse med dine kollegaer
  • har gode samarbeidsevner og kan motivere ungdommar
  • er positiv og nysgjerrig
  • kan skape gode relasjonar og tillit i møte med folk
  • prioriterer, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere raske endringar

Erfaring frå oppfølging av ungdom og samarbeidsevne vil bli særleg vektlagt. 

 

Vi tilbyr:

  • Ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø, prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
  • Tilsetting i tråd med  kommunalt regulativ i Sogndal kommune
  • Løn etter kommunalt lønsregulativ, eller etter nærare avtale
  • Fleksibel arbeidstid

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjortsjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.