• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    01.04.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6030113
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Ledig stilling

Fjaler kommune

Vil du ha sommarjobb i helse- og omsorg?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ønskjer du ein spennande og meiningsfull sommarjobb? Fjaler kommune treng vikarar til Helse- og omsorg sommaren 2025 i veke 25-33. Vi tilset fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke.

Vi har ledig ferievikariat ved følgande einingar:
  • Fjaler sjukeheim
  • Dagsenter sjukeheim
  • Heimetenesta med brukarar i heile kommunen
  • Miljøarbeid for menneske med utviklingshemming
  • BPA (personleg assistent til enkeltbrukarar)
  • Institusjonskjøkkenet ved Fjaler sjukeheim

Dersom dette er interessant for deg, kan du gjere følgjande:
  • I søknaden set du opp ynskje for den eller dei einingane du helst vil arbeide ved i sommar
  • Du må presisere kva tidsrom du kan jobbe i

Søkjarar som kan vikariere i heile ferieperioden vil bli prioriterte.

Arbeidsoppgåver:
  • Oppgåvene er varierande alt etter kvar du arbeidar. Døme på oppgåver er pleie, omsorg, praktisk bistand og  miljøarbeid ved institusjon og helsetenester i heimen
  • Felles for alle sommarvikar er fokus på gode tenester til brukarar og pasientar

Kvalifikasjonar:
  • Alle søkjarar må ha fylt 16 år
  • Søkjarar til arbeid i heimetenesta må ha førarkort klasse B.
  • Alle sommarvikarar må levere politiattest og få godkjend MRSA- og tuberkulinerklæring før tiltreding.
  • Søkjarar må kunne kommunisere godt på norsk

Personlege eigenskapar:
  • Interesse for å arbeide med menneske
  • Vere fleksibel
  • Evne til samarbeid
Vi tilbyr:
  • Løn etter tariff og lokale avtalar, der høgskulestudentar (innan helse- og sosialfag) vert løna ut frå studieforløp
  • Bonusordning:
    • Bonus pr veke, for dei som fyller 18 år i løpet av året som jobbar minimum 4 veker (må være disponibel for minimum 4 vakter per veke).
    • Bonus for dei som er under høgskuleutdanning innan helse- og sosialfaglege yrke og for dei som har fullført to års skulegang ved helsefag på vidaregåande skule.
    • Legestudentar og psykologistudentar får løn som 3 åring høgskule, frå det året dei er ferdig med 3. året i utdanningsforløpet.
  • Pensjonsopptening i KLP
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

 

 

 

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    01.04.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6030113
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune