• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    25.04.2021
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3713613
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 09.04.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Fjaler kommune

Vil du gjere ein forskjell for heimebuande? Vi har ledig vikariat for helsefagarbeidar i heimetenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Eit uttalt mål i helsestrategien til Fjaler kommune er at innbyggjarane våre får bu heime så lenge dei ønskjer det.

For å nå målet vårt treng vi fagleg dyktige tilsette i heimetenesta, og vi har no ledig eit 100% vikariat frå snarast og ut februar 2022. Stillinga inneber arbeid i 2-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.

Har du lyst til å gjere ein forskjell for brukarane våre? Då kan det vere deg vi søkjar etter. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga eller til arbeidsplassen vår.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i det daglege arbeidet slik at tenestene sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og forsvarleg måte
  • Sikre at det vert utført fagleg forsvarlege tenester til den einskilde brukar
  • Medikamenthandtering
  • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
  • Jobbe kunnskapsbasert
  • Jobbe for auka fagleg utvikling
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Vere ein god rollemodell

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Førarkort klasse B 
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

Om deg

  • Løysningsorienter
  • Sjølvstendig
  • God på kommunikasjon
  • Evne til å arbeide løysningsorientert i eit travel miljø og samtidig ha eit godt humør
  • Gode samarbeidsevner
  • Godt humør
  • Fleksibel

Vi tilbyr 

  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver 
  • Eit aktivt arbeidsmiljø saman med engasjerte kollegaer
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    25.04.2021
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3713613
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 09.04.2021