• Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    14.03.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3517525
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
  • Uppdaterad 25.02.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Fjaler kommune

Vil du gjere ein forskjell for barn og unge? Vi søkjer leiar til Våge skule og barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Våge skule og barnehage ser etter deg som er initiativrik, engasjert og har høge ambisjonar på vegner av barna, elevane og dei tilsette ved barnehagen og skulen.

Stillingstittelen vil vere rektor. Vår nye rektor kommuniserer godt og tydeleg, er ein strategisk leiar og motivator, nyskapande og framtidsretta. Du skal leie utviklingsarbeid både i barnehagen og på skulen. Gjennom jobben som styrar og rektor er du ein vegvisar som bidreg til at ungane får eit godt heilskapleg opplæringsløp. 

Du vil vere aktivt medverkande i å utvikle eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Som leiar hos oss vil bli del av eit godt og utviklingsorientert profesjonsfellesskap.

Er dette noko du kjenner deg igjen i? Då vil vi at du les vidare!

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for drift og utvikling av barnehagen og skulen innan fag, personal og økonomi
  • Leie og vidareutvikle det pedagogiske utviklingsarbeidet, slik at det medverkar til eit inkluderande barnehage- og skulemiljø for barn, elevar og tilsette
  • Vidareutvikle heim-skule- og heim-barnehagesamarbeidet
  • Samarbeide med andre barnehagar og skular i kommunen og regionen
  • Samarbeide tett med andre sektorar om eit trygt og godt leike- og læringsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Godkjent pedagogisk utdanning og minimum 3 års arbeidserfaring frå oppvekstområdet
  • Om du ikkje har leiarutdanning, krev vi at du startar på det innan 2 år
  • God system- og rolleforståing
  • Kommuniserer godt både skriftleg og munnleg
  • Oppdatert på barnehage- og skuleutvikling
  • God økonomiforståing og evner å prioritere innanfor gjeldande budsjettrammer.
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjent politiattest, samt eigenerklæring om tuberkulose

Personlege eigenskapar

  • Du er ein strategisk lagbyggjar, som likar å jobbe systematisk og langsiktig, og utvikle gode strukturar og rutiner.
  • Du har evne til å bygge gode relasjonar til barn, elevar, tilsette og føresette.
  • Du kan jobbe effektivt, systematisk og sjølvstendig.
  • Du er oppteken av samarbeid, og er ein påliteleg samarbeidspartnar

Vi tilbyr

  • Eit godt og støttande styrar- og rektorkollegium
  • Moglegheit til å vere med og utvikle eit godt tverrfagleg samarbeid og delta i nettverk og prosjekt
  • Tett samarbeid med kommuneadministrasjon
  • Løn etter avtale
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Høve til fag- og kompetanseutvikling

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

 

 

  • Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    14.03.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3517525
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
  • Uppdaterad 25.02.2021