• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    22.10.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6212, LIABYGDA
    STRANDA
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6733853
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Vil du bli vår nye matros?

Ferger

Fjord1 har no ei ledig stilling som matros på sambandet Stranda-Liabygda, pt. MF Sunnylvsfjord.

Som matros blir du ein viktig del av drifta om bord, med ansvar for fleire sentrale oppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald. 

Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønsker å utvikle deg vidare i faget. 

Attraktiv turnusordning med døgnvakter. Du arbeider i ein 2:2-turnus med to veker på og to veker fri. I arbeidsperioden har du fri annakvart døgn, noko som gir gode moglegheiter for kvile og fritid også når du er på jobb. Dette gir ein særs god balanse mellom arbeid og fritid, med lange samanhengande friperiodar.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Kvalifikasjoner:

  • Fagbrev matros eller nok fartstid til å mønstre matros
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlige egenskaper:

Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø. 

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktig løn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår.
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar
  • Skiftordning: 2 veke på, 2 veke fri.  
 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    22.10.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6212, LIABYGDA
    STRANDA
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6733853
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA