Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
22.10.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6210, VALLDAL
FJORD
Antall stillinger
1karriere-kode
6733851Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Vil du bli vår nye matros?
Ferger
Fjord1 har no ei ledig stilling som matros på sambandet Eidsdal-Linge, pt. MF Norddalsfjord.
Som matros blir du ein viktig del av drifta om bord, med ansvar for fleire sentrale oppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald.
Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønsker å utvikle deg vidare i faget.
Attraktiv turnus: 2 veker på, 2 veker av. Kvileordning på nattskift og lange samanhengande friperiodar gir god balanse mellom jobb, familie og fritid. For dei som ønskjer å pendle, blir det utbetalt køyregodtgjersle for halvparten av reisene til og frå jobb. Ved behov er det også moglegheit for hybelordning i Eidsdal.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Kvalifikasjoner:
- Fartstid jamfør Forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlige egenskaper:
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr:
- Konkurransedyktig løn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår.
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar
- Skiftordning: 2 veke på, 2 veke fri.
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
22.10.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6210, VALLDAL
FJORD
Antall stillinger
1karriere-kode
6733851Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA