• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    23.09.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    8540, BALLANGEN
    NARVIK
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6708081
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Vil du bli vår nye maskinsjef?

Ferger

Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Bognes - Skarberget, p.t. MF Glutra.

MF Glutra var bygd i år 2000 og var verdens første gassferje. I 2022 vart ho ombygd til batteri/hybrid.

Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet. 

Skiftordning er dagvakter med 2 veker på og 2 veker fri. Du vil få 6 vekers sommarferie!

Vi vurderer kandidatar fortløpande.

Kvalifikasjoner:

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • MES opplæring
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg

Personlige egenskaper:

    Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Fast stilling i eit anerkjent og solid selskap
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leiligheter og rabattordningar. 
  • Skiftordning: Dagvakt - 2 veker på, og 2 veker av.
  • 6 vekers ferie på sommeren.
 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    23.09.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    8540, BALLANGEN
    NARVIK
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6708081
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA