Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
23.09.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
8540, BALLANGEN
NARVIK
Antall stillinger
1karriere-kode
6708081Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Vil du bli vår nye maskinsjef?
Ferger
Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Bognes - Skarberget, p.t. MF Glutra.
MF Glutra var bygd i år 2000 og var verdens første gassferje. I 2022 vart ho ombygd til batteri/hybrid.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
Skiftordning er dagvakter med 2 veker på og 2 veker fri. Du vil få 6 vekers sommarferie!
Vi vurderer kandidatar fortløpande.
Kvalifikasjoner:
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- MES opplæring
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg
Personlige egenskaper:
- Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr:
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Fast stilling i eit anerkjent og solid selskap
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leiligheter og rabattordningar.
- Skiftordning: Dagvakt - 2 veker på, og 2 veker av.
- 6 vekers ferie på sommeren.
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
23.09.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
8540, BALLANGEN
NARVIK
Antall stillinger
1karriere-kode
6708081Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA