Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
13.04.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6640, KVANNE
SURNADAL
Antal befattningar
1Karriere-kod
6578170Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Vil du bli vår nye maskinsjef?
Ferger
Vil du vere med å styre ei av Noregs mest tradisjonsrike ferjestrekningar?
Fjord1 søkjer no etter maskinsjef til M/F Stangvikfjord på sambandet Kvanne - Rykkjem. Dette er eit av dei eldste og mest intensive ferjesambanda i landet, med 68 daglege avgangar. Som maskinsjef får du ansvaret for å halde det tekniske utstyret i topp stand og bidra til ei trygg og effektiv drift!
Kvifor velje Fjord1 og Kvanne - Rykkjem?
- Attraktiv skiftordning: Døgnvakt med 2 veker på, 2 veker av. Perfekt for deg som vil ha god balanse mellom jobb og fritid. For dei som bur i nærleiken er det mogleg å dagpendle.
- Tilrettelegging for pendlere: Fri bustad på arbeidsstaden for deg som treng overnatting i arbeidsperiodane. Fjord1 dekker første og siste tur i arbeidsperioden (over 30 km).
- Moderne og velutstyrt ferje: M/F Stangvikfjord (2020) er ein el-hybridferje med toppmoderne utstyr og eit gjennomtenkt maskinrom som legg til rette for effektiv drift og vedlikehald.
- Gode fasilitetar om bord: Eit godt mattilbod gjennom samarbeid med Matvarehuset, og eksternt firma som tek seg av dagleg reinhald.
- Sterkt arbeidsmiljø: Gode kollegaer, god stemning mellom skifta og solide støttefunksjonar frå landorganisasjonen gjer at du alltid har eit team i ryggen.
Oppstart Juni/Juli 2026.
Kvalifikasjoner:
- Teknisk leiar med ansvar for skipet sitt tekniske utstyr og at det oppfyller krav frå klasse og styresmakter
- Vedlikehald av maskineri og komponentar i samsvar med AMOS vedlikehaldssystem
- Sikre at tryggleiksstyringssystemet vert følgd, i samarbeid med skipsførar
- Opplæring av personell under si leiing
- Oppdatering av jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
- Overvaking av forbruk og behaldning av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føring av maskindagbok, oljedagbok og andre nødvendige dokument
- Budsjettering, oppfølging og bestilling av reservedelar og utstyr
- Sørgje for oppdatert stoffkartotek
- Ansvar for reinhald og brannførebygging innan maskinområdet
Kvalifikasjonar:
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i samsvar med kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- MES-opplæring
- Gyldig helseerklæring
Personlige egenskaper:
Vi leter etter en dyktig og erfaren maskinsjef som kan sikre driftssikkerhet, vedlikehold og effektivitet om bord. Personen må ha gode lederegenskaper, teknisk innsikt og evne til å arbeide i et teammiljø.Vi tilbyr:
- Konkurransedyktig lønn etter avtale med NHO Sjøfart og Maskinistforbundet.
- Attraktive velferdsordningar inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.
- Ein arbeidsplass med fokus på trivsel – god mat, reinhald utført av eksternt firma og ein sosial arbeidskvardag.
- Utviklingsmoglegheiter – arbeid i eit av landets leiande fergeselskap med moglegheit for vidare karriereutvikling.
- Fleksibilitet – god balanse mellom arbeid og fritid med ei skiftordning som gjer det lett å planleggje livet utanfor jobb.
- Moderne arbeidsverktøy og teknologi – du jobbar på ein av Noregs mest avanserte el-hybridferjer.
- Stabilitet og tryggleik – bli del av ein solid arbeidsplass med trygge rammer og gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Er du klar for nye utfordringar på ein av Noregs mest moderne ferjer?
Send inn søknaden din i dag! Vi gler oss til å få deg med på teamet!
Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
13.04.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6640, KVANNE
SURNADAL
Antal befattningar
1Karriere-kod
6578170Se här för andra jobb från Fjord1 ASA