• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    18.06.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6518, KRISTIANSUND N
    KRISTIANSUND
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6573877
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
  • Oppdatert 05.06.2026
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Vil du bli vår nye maskinsjef ?

Ferger

 

Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i ressursgruppa Nordmøre og Trøndelag, pt. MF Edøyfjord og MF Eid.

Vi har no ei interessant moglegheit som maskinsjef på våre reservefartøy på nordmøre og trøndelag. No omfattar dette MF Edøyfjord og MF Eid, med base i både Kristiansund og Levanger, der ein er om lag halvparten av tida på kvar stad. I denne stillinga vil du ha ansvaret for å sikre at våre reserveferjer alltid er operative. Du vil også yte støtte til driftande ferjer ved behov for akutt byte av fartøy eller i samband med planlagde verkstadsopphald.

Dette er ei rolle med stort ansvar og moglegheiter for å påverke den daglege drifta av fartøyene. For å lykkes i jobben er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner og  ser verdien av å ha ein god dialog både med kollegaer om bord og på land. 

Du får fast turnus og grunnlønn, skiftordning er to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale og oppstart etter avtale. Det blir òg gitt fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad. For å kunne utføre stillinga må du disponere eigen bil.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Kvalifikasjoner:

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i samsvar med kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • MES-opplæring
  • Gyldig helseerklæring
  • FSE-Kurs

Personlige egenskaper:

Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktig lønn etter avtale med NHO Sjøfart og Maskinistforbundet.
  • Attraktive velferdsordningar inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.
  • Ein arbeidsplass med fokus på trivsel – god mat, reinhald utført av eksternt firma og ein sosial arbeidskvardag.
  • Utviklingsmoglegheiter – arbeid i eit av landets leiande fergeselskap med moglegheit for vidare karriereutvikling.
  • Fleksibilitet – god balanse mellom arbeid og fritid med ei skiftordning som gjer det lett å planleggje livet utanfor jobb.
  • Stabilitet og tryggleik – bli del av ein solid arbeidsplass med trygge rammer og gode forsikrings- og pensjonsordningar

Er du klar for nye utfordringar ?

Send inn søknaden din i dag! Vi gler oss til å få deg med på teamet!

 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    18.06.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6518, KRISTIANSUND N
    KRISTIANSUND
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6573877
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
  • Oppdatert 05.06.2026