• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    25.05.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6193237
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Ledigt jobb

Sogndal kommune

Vil du bli vår nye konsulent i tiltaksteamet?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Sogn barnevern søkjer etter ein sjølvstendig og løysingsorientert tiltakskonsulent i 100% fast stilling. Som tiltakskonsulent er du ansvarleg for oppfølging av tiltak kring barn og deira familiar.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Endringsfokuserte tiltak.
  • Utviklingstøttande tiltak.
  • Praktisk bistand og oppfølging.
  • Samtale med barn/ungdom.
  • Kartleggingsmalar.
  • Samarbeid med barnet, familiane, relevant privat nettverk og offentlege instansar.
  • Deltaking i ulike møter vedk. barnet og dei føresette.

Lista er ikkje uttømmande.

 

Kvalifikasjonar:

  •  3-årig sosialfagleg universitets- eller høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleier.
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner.
  • Førarkort klasse B

 

Me ser etter deg som har :

  • Erfaring frå kommunalt og/eller statleg barnevernsarbeid.
  • Erfaringar frå tilgrensande tenester/tiltaksarbeid.
  • Kompetanse innanfor rettleiing og foreldrestøttande program.
  • COS, PMTO, Marte Meo, WMCI, Crowel, familieterapi m.m.
  • Nettverksorienterte tilnærmingar
  • Kompetanse i samtaler med barn
  • Minoritetskompetanse
  • Relasjonskompetanse
  • Kompetanse innanfor spe- og småbarn
  • Erfaring i konflikthandtering

 

Personlege eigenskapar:

  • Fagleg engasjert, analytisk og utviklingsorientert.
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst og løysningsorientert.
  • Lojal, fleksibel og relasjonell.
  • Samarbeidsevner
    • Evne til å samarbeide godt i team og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
  • Fokus på tverrfagleg samarbeid
  • Digital kompetanse

Ferdigheiter innan digitale fagprogram i Visma. 

 

Me vil leggje stor vekt på søkjarane si personlege eignaheit til stillinga.

 

Me tilbyr:

  • Ei meiningsfull rolle der du får moglegheit til å gjere ein vesentleg skilnad i familiane sine liv.
  • Eit inkluderande, engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø. 
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk.
  • Arbeidstid: Hovudsakleg dagtid, men ein har høve til å vere fleksibel avhengig av oppgåver og behov. Må pårekna noko arbeid på kveld og helg.
  • Månadleg rettleiing, jf. strukturert plan for rettleiing.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

Spesielle vilkår for stillinga:

  • Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato.
  • Ved behov må søkjar pårekne noko bruk av eigen bil i tenesta.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit.


Vi gler oss til å høyre frå deg!

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    25.05.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6193237
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune