Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
13.10.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5897247Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 27.09.2024
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sogndal kommune
Vil du bli vår nye konsulent i tiltaksteamet?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogn barnevern søkjer etter ein sjølvstendig og løysingsorientert tiltakskonsulent i 100% fast stilling.
Arbeidsoppgåver:
- Tiltaksarbeid etter mandat frå barnevernstenesta.
- Miljøterapeutisk arbeid i familiar.
- Rettleiing og oppfølging av familiar.
- Tett samarbeid med born og unge, foreldre og relevante samarbeidsinstansar.
- Dokumentere og rapportere framdrift og resultat i fagsystemet Visma i samsvar med interne retningslinjer og krav.
Kvalifikasjonar:
- Fullført 3-årig utdanning innan helse- og sosialfag, eller annan relevant utdanning.
- Ynskje om erfaring frå kommunalt barnevern eller tilgrensande tenester.
- Evne til å handtere sensitive situasjonar med empati, profesjonalitet og diskresjon.
- Førarkort klasse B.
Me ser etter deg som har:
- Gode sosiale eigenskapar.
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og strukturert, men og i team.
- Ei positiv innstilling og evne til å sjå løysingar.
- Toler å stå i utfordringar over tid med varierte oppgåver.
- Evne til fleksibilitet og omstilling.
- Evne til å lytte og ha fokus på menneske sine ressursar og moglegheiter.
- Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner.
- Du må kunne arbeide på tvers i organisasjonen, ha gode haldningar og sjå verdien av tverrfagleg samhandling.
- Rettleiingskompetanse
- Gode kommunikasjons og relasjonsferdigheiter
Me vil leggje stor vekt på søkjarane si personlege eignaheit til stillinga.
Me tilbyr:
- Ei meiningsfull rolle der du får moglegheit til å gjere ein vesentleg skilnad i familiane sine liv.
- Eit inkluderande, engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø.
- Lønn etter gjeldande avtaleverk.
- Arbeidstid: Hovudsakleg dagtid, men ein har høve til å vere fleksibel avhengig av oppgåver og behov.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Spesielle vilkår for stillinga:
- Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato.
- Ved behov må søkjar pårekne noko bruk av eigen bil i tenesta.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
13.10.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5897247Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 27.09.2024