Företag
Vestnes kommuneAnsökningstiden
18.09.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5333859Se här för andra jobb från Vestnes kommune
- Uppdaterad 29.08.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Vestnes kommune
Vil du bli vår nye avdelingsleiar?
Offentlig forvaltning
Stillingstype
Vi søkjer etter avdelingsleiar til Heimesjukepleia i fast 100% stilling. Avdeling for Heimesjukepleie ligg under Heimetenestene. Stillinga inngår i einingsleiar sin leiarstab. Vi søkjer etter deg som kan fremje god tenesteutvikling, ha ein framoverlent leiarstil, er innovativ og nyskapande. Stillinga er ledig frå snarast, eller etter avtale. Stillinga er disponert på dagtid.
Arbeidsoppgåver
- oppgåvene består av personalansvar, fagansvar og økonomiansvar
- fagleg rettleiing/opplæring av tilsette, koordinere dagleg drift, turnusarbeid og andre administrative oppgåver
- arbeide for fagleg kvalitetssikring og utvikling
- Sikre eit hensiktsmessig rapportsystem, sikre god informasjonsflyt og dokumentasjon
- det kan verte endring ut i frå ovannemde arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- 3 årig utdanning innan sjukepleie
- det er ønskeleg med vidareutdanning i leiing. Om du ikkje har dette må du vere villeg til å ta ei slik utdanning på sikt
- du må gjerne ha erfaring med bemanningsplanlegging i turnus
- kjennskap til saksbehandling og kunnskap om aktuelt lovverk
- reflektert og god på relasjonsarbeid
- ha ein høg fagleg standard
- ta i mot og gi rettleiing
- systematiske, dyktig og effektiv
- ønskelig med erfaring frå heimesjukepleie
Personlege eigenskapar
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna og gode referanser
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- du må være lojal, strukturert og være ein tydeleg leiar
- ha stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- stort utviklingspotensiale i ei spennande leiarstilling.
- allsidige utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjons- og forsikringsordningar jfr.tariffavtale
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referanser
Oppgi referanse
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentliggjort.
Företag
Vestnes kommuneAnsökningstiden
18.09.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5333859Se här för andra jobb från Vestnes kommune
- Uppdaterad 29.08.2023