Company
Sogndal kommuneApplication deadline
08.12.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5963772Look here for other jobs from Sogndal kommune
Sogndal kommune
Vil du bli vår neste planleggjar i Sogndal kommune?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du bli vår neste planleggjar i Sogndal kommune?
I Sogndal kommune driv me med framtidsbygging kvar dag! Her hjå oss er det meir enn 1300 tilsette som står på for å sikre gode, aktive og trygge liv for innbyggjarane våre. Sogndal veks, og det er spådd at me får dei yngste innbyggjarane i landet i 2050! Samstundes må me endre måten me leverer tenestene våre på for å vere relevant også i framtida. Det krev at me tenkjer nytt – og me treng deg som vil vere med å legge grunnlaget for framtidas lokalsamfunn.
Kva vil du få drive med? Som vår nye planleggjar vil du jobbe med planarbeid som verkeleg betyr noko for folk. Du vil arbeide tett på samfunnsutviklinga, få påverke viktige prosessar og vere ein del av eit spanande team som jobbar med alt frå overordna arealplanlegging til detaljplanar. Jobben din blir å legge til rette for at Sogndal kan vokse på ein berekraftig og gjennomtenkt måte – slik at me kan gje plass til alle dei nye sogningane som kjem.
Arbeidsoppgåvene vil variere, men her er nokre smakebitar på kva du kan forvente:
Planarbeid for areal og bygningsplanlegging – vere med på å forme framtida til lokalsamfunnet vårt, med berekraft og trivsel i sentrum.
Samarbeid og kommunikasjon – tett dialog med utbyggjarar, arkitektar, politikarar og innbyggjarar. Saman skal me finne dei beste løysingane for heile bygda.
Innovasjon og nyskapning – ikkje vær redd for å tenke utanfor boksen! Me vil at du kjem med dine idear og ser moglegheiter der andre ser utfordringar.
Er du planleggjaren me ser etter? Me leiter etter deg som:
Har utdanning innan planlegging, arkitektur, by- og regionplanlegging, geografi eller liknande – eller erfaring frå planarbeid i kommunal eller privat sektor.
Kjenner deg heime i lovverket (plan- og bygningslova, forvaltningslova) og veit korleis det skal brukast til å skape gode planprosessar og ei ønska samfunnsutvikling.
Er ein lagspelar og trivst med dialog og samarbeid – du veit at dei beste resultata kjem når fleire bidreg saman.
Har ein positiv, nysgjerrig og utviklingsorientert haldning – vilje til å tenke nytt og utfordre etablerte praksisar.
Kvifor Sogndal? Sogndal er meir enn fjord og fjell. Det er ein stad der framtida vert til! For å klare det treng me fleire som kan vere med i teama våre med ei ekte utfordrarhaldning – der kompetansen din vert brukt, sett pris på og er med på å skape faktisk utvikling. Me er ein distriktskommune i vekst, ein plass som har framtida føre seg – og det vil me at du skal vere med på! Sjekk gjerne ut Sogn.no for meir informasjon.
Har du lyst å vere ein del av vår plangjeng? Send oss ein søknad, eller ta kontakt med Helle Selseng eller Joakim Systaddal for meir informasjon.
Velkomen til å skape framtida saman med oss!
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
08.12.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5963772Look here for other jobs from Sogndal kommune
-
Vil du vere med å bidra at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Vil du vere med og byggje framtidas Sogndal?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Helsefagarbeidarar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Kommunalsjef helse og omsorg
Aukra kommune
AUKRA -
Sjukepleiar
Sogndal kommune
SOGNDAL