• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    13.04.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6099069
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Vil du bidra til å halde ferja vår i gang?

Ferger

Brenn du for maskinteknikk? Som maskinsjef på MF Davik får du ei nøkkelrolle i å sikre effektiv og påliteleg drift på sjansen til å jobbe på eit fartøy med historie og sjarm, og samtidig vere ein del av framtidas miljøvennlege ferjedrift! 

No søkjer vi ein engasjert maskinsjef til sambandet Askvoll - Gjervik - Fure, p.t. MF Davik. Dette er meir enn ein jobb – det er ein livsstil som gir deg ei god kombinasjon av tryggleik, utvikling og friheit. 

 

Kvifor velje Fjord1? 

  • Ein kvardag utanom det vanlege: Jobb i vakre omgjevnader langs kysten og opplev korleis det er å vere ein del av noko større. 
  • Perfekt balanse mellom arbeid og fritid: Med vår fleksible døgnskiftordning (2 veker på, 1 veke av / 2 veker på, 3 veker av) får du meir tid til familie, hobbyar og kvile. 
  • Ekte lagånd: Bli ein del av eit samansveisa team med trivelege og dyktige kollegaer som stiller opp for kvarandre. 
  • Trygg framtid i eit leiande selskap: Fjord1 er ein trygg arbeidsgivar med langsiktige kontraktar og ambisiøse planar for grønn teknologi og innovasjon. 
  • Gode fasilitetar og bustadordning: Vi tilbyr hybelordning ved sambandet, slik at du kan ha ein praktisk og behageleg kvardag. 

 

Ein dag om bord på MF Davik: Her får du meir enn berre ein rutinejobb - du blir ein sentral del av eit profesjonelt mannskap som har det kjekt på jobb, samstundes som de sikrar trygg og effektiv transport. Våre maskinsjefar set pris på kombinasjonen av tekniske utfordringar, godt samhald og ein fleksibel arbeidssituasjon som gir rom for eit aktivt liv og utanfor jobben.

Er du klar for ein sjølvstendig, ansvarsfylt og givande kvardag til sjøs? Då ser vi fram til å høyre frå deg!

Kvalifikasjoner:

  • Minimum M4-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlige egenskaper:

Som maskinsjef er du ein lagspelar som trivst med å jobbe tett saman med andre over tid. Du har eit smittande godt humør og evna til å skape eit positivt arbeidsmiljø. Med gode kommunikasjonsevner sørger du for effektiv samhandling mellom kollegaer og andre avdelingar. I tillegg er du serviceinnstilt og løysingsorientert, noko som gjer deg dyktig til å møte utfordringar med ein proaktiv og samarbeidsvillig haldning

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktig lønn etter tariffavtale med NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffiserforbund
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attraktive velferdsordningar som f.eks hytter og leiligheter, rabattordningar, og sosiale turar 
  • Skiftordning: Døgnskift (2 veker på, 1 veke av, 2 veker på og 3 veker av).
  • Hybelordning
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og karriere innan maritim sektor

 

Ta kontakt dersom du har spørsmål - vi vil gjerne snakke med deg!

 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    13.04.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6099069
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA