Company
Fjord1 ASAApplication deadline
13.04.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
Number of positions
1Career-kode
6099069Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Vil du bidra til å halde ferja vår i gang?
Ferger
Brenn du for maskinteknikk? Som maskinsjef på MF Davik får du ei nøkkelrolle i å sikre effektiv og påliteleg drift på sjansen til å jobbe på eit fartøy med historie og sjarm, og samtidig vere ein del av framtidas miljøvennlege ferjedrift!
No søkjer vi ein engasjert maskinsjef til sambandet Askvoll - Gjervik - Fure, p.t. MF Davik. Dette er meir enn ein jobb – det er ein livsstil som gir deg ei god kombinasjon av tryggleik, utvikling og friheit.
Kvifor velje Fjord1?
- Ein kvardag utanom det vanlege: Jobb i vakre omgjevnader langs kysten og opplev korleis det er å vere ein del av noko større.
- Perfekt balanse mellom arbeid og fritid: Med vår fleksible døgnskiftordning (2 veker på, 1 veke av / 2 veker på, 3 veker av) får du meir tid til familie, hobbyar og kvile.
- Ekte lagånd: Bli ein del av eit samansveisa team med trivelege og dyktige kollegaer som stiller opp for kvarandre.
- Trygg framtid i eit leiande selskap: Fjord1 er ein trygg arbeidsgivar med langsiktige kontraktar og ambisiøse planar for grønn teknologi og innovasjon.
- Gode fasilitetar og bustadordning: Vi tilbyr hybelordning ved sambandet, slik at du kan ha ein praktisk og behageleg kvardag.
Ein dag om bord på MF Davik: Her får du meir enn berre ein rutinejobb - du blir ein sentral del av eit profesjonelt mannskap som har det kjekt på jobb, samstundes som de sikrar trygg og effektiv transport. Våre maskinsjefar set pris på kombinasjonen av tekniske utfordringar, godt samhald og ein fleksibel arbeidssituasjon som gir rom for eit aktivt liv og utanfor jobben.
Er du klar for ein sjølvstendig, ansvarsfylt og givande kvardag til sjøs? Då ser vi fram til å høyre frå deg!
Kvalifikasjoner:
- Minimum M4-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlige egenskaper:
Vi tilbyr:
- Konkurransedyktig lønn etter tariffavtale med NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffiserforbund
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar som f.eks hytter og leiligheter, rabattordningar, og sosiale turar
- Skiftordning: Døgnskift (2 veker på, 1 veke av, 2 veker på og 3 veker av).
- Hybelordning
- Moglegheiter for fagleg utvikling og karriere innan maritim sektor
Ta kontakt dersom du har spørsmål - vi vil gjerne snakke med deg!
Company
Fjord1 ASAApplication deadline
13.04.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
Number of positions
1Career-kode
6099069Look here for other jobs from Fjord1 ASA