Company
Giske KommuneApplication deadline
15.09.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6702450Look here for other jobs from Giske Kommune
Giske Kommune
Vikariat som rettleiar ved Nav Giske
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi søkjer rettleiarar som ønskjer å vere med å løyse Nav sitt viktige samfunnsoppdrag!
Nav Giske har eit ledig vikariat i 100% stilling. Vikariatet er ledig omgående og gjeld til 31.10.2027.
Som rettleiar hos oss vil ein viktig del av jobben vere å motivere og hjelpe brukarar til å finne jobbmoglegheiter og aktuelle tiltak for å kome i eller stå i arbeid. Arbeidet inneber også saksbehandling og forvaltningsoppgåver etter ulike lovverk. Stillinga omfattar både kommunale og statlege oppgåver, og alle tilsette deltek i bemanning av publikumsmottaket.
Nav Giske består av 15 engasjerte medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Verksemda er utviklingsorientert med høge ambisjonar, og vi legg stor vekt på brukarmedverknad og samhandling. Gjennom innsatsen vår får fleire moglegheit til å vere i arbeid, delta i samfunnet og sikre eiga inntekt. Vi tilbyr tenester til kommunen sine om lag 8 800 innbyggjarar og er ein innovativ og framtidsretta tenesteleverandør. Gjennom brukarmedverknad, samhandling og eit sterkt kompetansemiljø skal vi bidra til å hindre utanforskap, få fleire i arbeid og sikre ein velfungerande arbeidsmarknad.
I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på motivasjon, personlege eigenskapar og at ein ellers er skikka for stillinga.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast inn i lag med søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Fullført utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan helse- og sosialfag eller samfunnsfag. Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Rettleiingskompetanse frå studiar og/eller praksis
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, minimum nivå B2
- God digital kompetanse og evne til å raskt setje deg inn i nye fagsystem
- God relasjonskompetanse
Det er i tillegg ønskeleg at du har:
- Forståing av Nav si rolle i samfunnet
- Grunnleggjande økonomisk forståing/privatøkonomi
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
- Kjennskap til næringslivet og kunnskap om arbeidsmarknaden i vårt område
- Erfaring frå saksbehandling og tolking av lovverk, gjerne frå offentleg forvaltning
- Førarkort klasse B
Personlige egenskaper:
- Du er ein relasjonsbyggar som evnar å skape tillit, kontakt og motivasjon hos brukarar i vanskelege livssituasjonar
- Du er ein trygg og tydeleg rettleiar som tør å utfordre og evner å gjennomføre
- Du arbeider resultatorientert og er oppteken av kvalitet
- Du bidreg til eit godt og utviklande arbeidsmiljø
- Du arbeider sjølvstendig, målretta og strukturert
- Du evner å sjå heilskap og handtere eit breitt spekter av oppgåver
- Personlege eigenskapar og erfaring med arbeid i Nav vil bli vektlagt
Vi tilbyr:
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- Eit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer
- Fagleg og personleg utvikling
- Fleksitidsordning
- Løn og tilsetjing på kommunale vilkår
Company
Giske KommuneApplication deadline
15.09.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6702450Look here for other jobs from Giske Kommune
-
NAV Hallingdal søkjer rettleiar innan sosiale tenester
Gol kommune
GOL -
Lærar – 100 % fast stilling ved Valderøy barneskule frå 12.10.26
Giske Kommune
VALDERØYA -
Sjukepleiar, nattstilling ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter -vikariat
Giske Kommune
VALDERØYA -
Vil du jobbe i helse og omsorg i Fjaler kommune?
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
50 % prosjektstilling innan digital heimeoppfølging og e-helse
Ål Kommune
ÅL