Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
16.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6640066Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i Yksnebjør barnehage 2026/2027
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Yksnebjør barnehage har to ledige vikariat som barne- og ungdomsarbeidar for barnehageåret 2026/2027 – eitt i 100 % stilling og eitt i 50 % stilling. Ynskjer du å vere med og skape gode kvardagar fylt med leik, læring og omsorg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Hos oss får du ein variert og kjekk arbeidskvardag saman med barna, og du blir del av eit godt arbeidsmiljø med ei fin aldersblanding i kollegiet. Du vil vere ein viktig del av eit engasjert fagmiljø som jobbar for at barna skal oppleve tryggleik, meistring og glede i kvardagen.
Vi tilbyr introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ, samt svært gode pensjons- og forsikringsordningar.
Yksnebjør barnehage har i frå hausten 73 barn og 19 tilsette fordelt på 6 avdelingar. Vi held til i to bygg, der eitt er eit nybygg frå 2016. Vi legg stor vekt på å vere mykje ute og bruke nærområdet aktivt. Små og store er glade i å gå på tur og utforske dei ulike årstidene.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillingane.
Kvalifikasjonar:
- Vi søkjer primært barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev. Søkjarar med relevant erfaring frå arbeid med barn kan bli vurderte, men søkjarar med fagbrev vil bli prioriterte.
- Gode norskkunnskapar - både skrifteleg og munnleg.
- Grunnleggande digital kompetanse
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest og MRSA- og tuberkulin eigenerklæring
Vi ser etter deg som:
- Har godt samspel med både barn og vaksne
- Er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen med god relasjonskompetanse
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Jobbar løysingsorientert i eit travelt miljø – og held på humøret
- Er personleg eigna for stilling
Kommunen er oppteken av kjønnsbalanse i kollegiet, og menn vert føretrekte under elles like føresetnader.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje ligg føre særlege grunnar for unntak, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden før lista vert gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
16.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6640066Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
-
Barne- og ungdomsarbeidar ved Vigra barnehage
Giske Kommune
VIGRA -
Vikariat; 60% stilling som barnehagelærar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Barne- og ungdomsarbeidar - ledige stillingar ved Vigra skule og SFO
Giske Kommune
VIGRA -
Fagarbeidar 2 *50% fast stilling i SFO
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Fagarbeidar
Ål Kommune
ÅL