• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    16.06.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6640066
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Ledig stilling

Fjaler kommune

Vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i Yksnebjør barnehage 2026/2027

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Yksnebjør barnehage har to ledige vikariat som barne- og ungdomsarbeidar for barnehageåret 2026/2027 – eitt i 100 % stilling og eitt i 50 % stilling. Ynskjer du å vere med og skape gode kvardagar fylt med leik, læring og omsorg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Hos oss får du ein variert og kjekk arbeidskvardag saman med barna, og du blir del av eit godt arbeidsmiljø med ei fin aldersblanding i kollegiet. Du vil vere ein viktig del av eit engasjert fagmiljø som jobbar for at barna skal oppleve tryggleik, meistring og glede i kvardagen.

Vi tilbyr introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ, samt svært gode pensjons- og forsikringsordningar.

Yksnebjør barnehage har i frå hausten 73 barn og 19 tilsette fordelt på 6 avdelingar. Vi held til i to bygg, der eitt er eit nybygg frå 2016. Vi legg stor vekt på å vere mykje ute og bruke nærområdet aktivt. Små og store er glade i å gå på tur og utforske dei ulike årstidene.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillingane.

 

Kvalifikasjonar:
  • Vi søkjer primært barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev. Søkjarar med relevant erfaring frå arbeid med barn kan bli vurderte, men søkjarar med fagbrev vil bli prioriterte.
  • Gode norskkunnskapar - både skrifteleg og munnleg.
  • Grunnleggande digital kompetanse
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest og MRSA- og tuberkulin eigenerklæring
 Personlege eigenskapar:

Vi ser etter deg som:

  • Har godt samspel med både barn og vaksne
  • Er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen med god relasjonskompetanse
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Jobbar løysingsorientert i eit travelt miljø – og held på humøret
  • Er personleg eigna for stilling

Kommunen er oppteken av kjønnsbalanse i kollegiet, og menn vert føretrekte under elles like føresetnader.

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje ligg føre særlege grunnar for unntak, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden før lista vert gjort offentleg.

 
 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    16.06.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6640066
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune