• Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    22.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6200, STRANDA
    STRANDA
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4561316
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 05.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Mattilsynet

Vikariat for veterinær

Direktorater og tilsynsorgan

Vi treng ein engasjert og driftig veterinær til eittårig  vikariat.  Arbeidsstad er ved kontoret vårt på Stranda.  Dersom du likar gode naturopplevingar er dette rette staden for deg, både sommar og vinter!  Du vil bruke arbeidsdagen på kjøttkontroll, samt sikre god helse og velferd hjå kjæledyr og produksjonsdyr.  Du må rekne med å arbeide i heile tilsynsområdet vårt, og kunne møte på dei andre kontorstadane etter avtale. 

Når du jobbar i Mattilsynet, jobbar du for auka dyrevelferd for alle dyr – ikkje berre eitt om gongen. Din innsats kan bidra til at 1,1 millionar sau og nærare 900 000 storfe får bedre kår her til lands. Med deg i dette arbeidet får du 1250 fagleg dyktige kollegaer, som er klare til å inspirere, opplyse, utfordre og støtte deg. Hos oss vil du jobbe side om side med ekspertar på alt frå dyrehelse til dyrevelferd, plantevern og trygg matproduksjon, samt jus, forvaltning og kommunikasjon.  

Du deler kanskje vår oppfatning om at dyrevelferd er eit fagområde som til stadigheit må utviklast vidare. Vi jobbar derfor ikkje berre med forvalting, men også utvikling av regelverket. Det gjer vi i dialog med dyreeigarar, næringsorganisasjonar og offentlege instansar. Hjå oss vil du kunne bidra positivt med din kompetanse.  

Du vil få ein variert arbeidskvardag, jobbe både på kontor og ute i felt og forhalde deg til eit omfattande regelverk. Sjølv om nokre saker har likskapsstrekk, er ingen av dei like. Det er difor viktig at du har god rolleforståing, og vurderer sakene forholdsmessig. 

Kvalifikasjoner:

  • Du er veterinær med norsk autorisasjon
  • Du har relevant arbeidserfaring som veterinær eller du er nyutdanna
  • Sidan du skal kommunisere med dyreeigarar om til dels vanskelege tema, er det viktig at du har god framstillingsevne på norsk, skriftleg så vel som munnleg 
  • Du har førarkort klasse B. Kontoret disponerer tenestebil
  • Du har evne til å tilpasse deg nye digitale løysingar

Personlige egenskaper:

  • Du har god rolleforståing, og evner difor å gjere gode forholdsmessige vurderingar i forvaltinga av regelverket
  • Du må klare å kombinere samarbeid innad og på tvers av fagområder med det å jobbe sjøvstendig
  • Du må vere god til å rettleie og formidle det komplekse på ein forståeleg måte, samt finne løysingar
  • Du må kunne takle ein hektisk kvardag og dermed vere god til å prioritere 
  • I ein variert kvardag må du både kunne planlegge godt, men også kunne tilpasse deg endringar raskt  

    Personlig dugleik og korleis du passar inn i teamet er ein viktig del av vurderinga, slik at vi saman får løyst samfunnsoppdraget vårt. 


Vi tilbyr:

  • Eit fagleg sterkt felleskap som har eit stort engasjement for betre dyrevelferd 
  • Utvikle din kompetanse på ulike fagområder, både på det veterinærfaglege og i forvaltningsrolla
  • Stillinga er løna som førsteinspektør (stillingskode 1498)/seniorinspektør (stillingskode 1499) fra kr. 550 000 avhengig av kvalifikasjoner
  • Gunstige pensjons- og lånevilkår gjennom Statens Pensjonskasse
  • Kurs og erfaringssamlingar for å auke kompetansen, mellom anna eit nytilsettprogram som har som mål å sikre ein god start

Kva venter du på?

Søknader mottas kun elektronisk. Dersom du ikkje allereie er brukar, må du først registrere deg før du legg inn søknaden. Når du sender inn søknaden din lastar du opp vitnemål og attestar som vedlegg. Dersom du har spørsmål eller noko du lurer på, er det berre å kontakte Kristin Ness.

 

  • Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    22.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6200, STRANDA
    STRANDA
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4561316
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 05.05.2022