Företag
Bergen kommuneAnsökningstiden
06.09.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5014, BERGEN
BERGEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6352849Se här för andra jobb från Bergen kommune
Bergen kommune
Vikariat avdelingsleder
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du bli med oss i team YA? Vi har eit vikariat som avdelingsleiar ledig omgåande for hausten 2025.
Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel, og er kun ein kort køyretur unna både Åsane senter og Øyrane torg. Vi har om lag 50 tilsette og 215 elevar, og vi har velkomstklasse for nykomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane. Vi er base for morsmålslærarar, og både tilsette og elevar på YA har eit mangfald av ressursar.
På Ytre Arna skule vil du leie ei raus og inkluderande personalgruppe som er svært utviklingsorientert. Vi tar utviklingsarbeid på alvor, og vårt hovudsatsingsområde «Inkluderande skulemiljø og inkluderande undervisning» er ein raud tråd i alt arbeid vi gjer saman i profesjonsfellesskapet. På Ytre Arna skule har vi tru på at alle kan og vil lære, og vi likar best å lære saman. Les gjerne meir om våre strategiar og faglege standardar på nettsida til skulen.
Hos oss blir du ein del av skulen sitt leiarteam saman med rektor, avdelingsleiar for småtrinnet, avdelingsleiar for SFO, samt konsulent. Leiarteamet er tilgjengelege for alle på skulen, og vi er opptekne av å høyre kva skulen sine elevar, tilsette og føresette meiner.
Skulen har nynorsk og bokmål som opplæringsmål.
Den ledige stillinga er eit vikariat som avdelingsleiar for mellomtrinnet. Skal du arbeide hos oss må du sjå verdien av å bruke mykje av tida di der elevar og tilsette på avdelinga di er. Vi er opptekne av å rekruttere medarbeidarar som vil passe inn i vårt verdigrunnlag og vår kontekst, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar.
Kvalifikasjoner:
- Godkjend lærarutdanning for undervisning på barneskule, i tråd med krav frå § 12-2 og §12-3 i Opplæringsforskrifta
- Erfaring frå undervisning på barneskule
- God digital kompetanse
- Svært god skriftleg og muntleg kompetanse på norsk
- Leiarerfaring frå klasseleiing eller tilsvarande relevant leiarerfaring
- Leiarutdanning er ein fordel
Personlige egenskaper:
- Du er ein trygg, varm og tydeleg læringsleiar
- Du møter alle elevar, kollegaer og føresette med respekt og forståing
- Du er ryddig, fleksibel, positiv og raus
- Du har god arbeidskapasitet og kan ta i eit ekstra tak når det vert kravd
- Du har gode evner for samarbeid og likar å arbeide i team
- Du er fagleg engasjert og glad i å utvikle deg
- Du er god til å skrive, og er oppteken av at administrative oppgåver skal løysast i tråd med Bergen kommune sine føringar
- Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar
- Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling , i eit målretta og utviklingsorientert profesjonsfellesskap
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- IA-bedrift
- Gode velferdsordningar
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
Företag
Bergen kommuneAnsökningstiden
06.09.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5014, BERGEN
BERGEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6352849Se här för andra jobb från Bergen kommune