Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
22.09.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6375214Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Vikarar i psykisk helse- og rustenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Psykisk helse- og rustenesta, avdeling Plassen, treng deg som er student innan helse og sosialfag (vernepleie, sjukepleie, sosialt arbeid), er helsefagarbeidar eller på veg til å bli det, eventuelt har erfaring frå liknande arbeid.
Avdeling Plassen er forsterka bustader for personar med utfordringar innan rus og psykisk helse. Avdelinga ligg i Sogndal, har 7 bueiningar, samt fellesareal. Plassen er døgnbemanna og har turnus med langvakter (13 timar), døgnvakter og nattevakter.
Me treng deg som kan ta alle slags vakter, kan jobbe i helgar og av og til elles i veka. Behovet for vikarar er stort, så me ynskjer at du kan byrje med ein gong og at du kan jobbe ein del, til dømes 2-3 vakter i veka.
Arbeidsoppgåver og ansvar:
- Målretta miljøterapeutisk arbeid
- Praktisk hjelp til bebuarane i det daglege
- Tilsyn med bebuarar på dag og natt
- Medikamenthandtering
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
- Samarbeid med andre viktige aktørar i brukar sitt liv
- Aktiv deltaking i utforming av nye tiltak og oppfølging av desse
Kvalifikasjonar:
- Student/elev i helse- og sosialfag
- Førarkort klasse B er eit krav
- Gode norskkunnskapar
- Politiattest av nyare dato ved tilsetting
- Over 20 år
Personlege eigenskapar:
· Evne til å arbeide målretta, strukturert, fleksibelt og sjølvstendig
· Har god relasjonskompetanse og evne til å skape gode relasjonar der det er vanskeleg
· Er fleksibel og reflektert, og kan takle ulike situasjonar og hendingar
· Gode samarbeidsevner og evne til å både gje og ta imot rettleiing
· Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd
Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukarar, og kollegaer internt og eksternt.
Som tilsett vert det forventa at du har evne til å setje deg inn i, og handle ut ifrå, brukar sine samansette behov og at du bidreg til trivsel og godt miljø.
Me tilbyr:
· Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging
· Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar
· Eit godt arbeidsmiljø
· Gode pensjons- og forsikringsordningar
· Gode velferdsordningar
· Lønn etter tariffavtale
Søknadsfrist snarast og seinast innan 22.sept. då tilsetjing vert gjort fortløpande
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
22.09.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6375214Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Miljøterapeut/miljøarbeidar
Sogndal kommune
Leikanger -
Tilkallingsvikar Leikanger sjukeheim og heimeteneste
Sogndal kommune
Leikanger -
Tilkallingsvikar Balestrand helsetun og heimeteneste
Sogndal kommune
Balestrand -
Aktivitetskoordinator
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Pedagogisk rådgjevar
Sogndal kommune
SOGNDAL