• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    25.04.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3711942
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 09.04.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Fjaler kommune

Vi søkjer dyktig kokk til kjøkkenet ved Fjaler sjukeheim

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Fjaler sjukeheim har eige og godt utstyrt institusjonskjøkken i underetasjen på helsetunet. Hos oss har vi tre faste stillingar, og i samband med at ein av våre kollegaer skal ta til med andre oppgåver i kommunen er det no ledig ei 60 % fast stilling som kokk frå midten av juni 2021.

Kjøkkenet produserer heimelaga, næringsrik tradisjonsmat, supper og dessertar etter kok/kjøl-, kok/server- og sous vide-prinsippet. Det blir servert 4 hovudmåltid kvar dag, og i tillegg blir det servert mellommåltid. Maten frå kjøkkenet ved sjukeheimen er laga utifrå anbefalte retningslinjer frå Helsedirektoratet, og vi legg til rette for diettar og ulike typar ønskekost når bebuarane har behov for det.

Forutan mat til bebuarane, så produserer kjøkkenet mat til heimebuande etter kok/kjøl-prinsippet. Denne blir levert til heimebuande to gongar i veka.

Arbeidstida i stillinga er vekedagar mellom 07.00-14.30, og som tilsett på kjøkkenet har ein fri alle heilagdagar. 

Ta gjerne kontakt for meir informasjon om stillinga, vi håper å høyre frå deg. 

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av middag, lunsj, dessert og diettar
  • Ansvar for å følgje dei rutinar i IK-Matsystem som gjeld eige område

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk eller institusjonskokk

Personlege eigenskapar

  • Effektiv
  • Sjølvstendig
  • Positiv
  • God på samarbeid 

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig løn
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Introduksjonsprogram for nye tilsette
  • Ein meiningsfull arbeidskvardag saman med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    25.04.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3711942
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 09.04.2021