• Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    12.07.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6700, MÅLØY
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2974583
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 29.06.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Mattilsynet

Veterinær - grensekontrollen

Offentlige tjenester og forvaltning

Mattilsynet er ein kunnskapsorganisasjon som legg stor vekt på kompetanseutvikling og å dele kunnskap på tvers av fagområde. Som medarbeidar i Mattilsynet får du fagleg utvikling og kan påverke eigen arbeidssituasjon. Mattilsynet er ein viktig samfunnsaktør og må heile tida vere i endring for å møte nye utfordringar og kunne ta i bruk nye digitale verktøy. Arbeidsdagen din er fleksibel, og du er vel så mykje ute i felt som på kontoret. Rundt deg har du eit tverrfagleg og støttande arbeidsmiljø.

Region Sør og Vest omfatta fylka Vestland, Rogaland og Agder.  Avdeling Nordfjord har kontor i Måløy og i Loen og har totalt 17 tilsette. Kontoret i Måløy har ein godkjent Grensekontrollstasjon for import av animalske næringsmiddel og animalske biprodukt frå tredjeland. 

Gjennom EØS avtalen er Norge forplikta til å ha samme regelverk for kontroll med import av varer som EU. Varer importert frå land utanfor EU må fremstillast for kontroll ved ein godkjent Grensekontrollstasjon. Grensekontrollstasjonar skal være underlagt ansvar og effektiv kontroll av ein offentleg veterinær som er utpeika til dette (grenseveterinær).

Arbeidsoppgåver

Føre tilsyn og rettleie om import av animalske næringsmiddel og animalske biprodukt frå tredjeland (land utenfor EU).
Gjennomføre dokumentkontrollar, ID- kontrollar og fysiske kontrollar av produkta, inkludert prøvetaking.
Sakshandsaming av meldingar i det europeiske meldesystemet TRACES, rettleiing og sakshandsaming er andre ordinære arbeidsoppgåver.
Administrativt arbeid ved grensekontrollen, i tillegg til det faglege ansvaret for den kontrollen som vert gjennomført.  

Saman med avdelingssjefen ha ansvar for vedlikehald av kompetanse for underskrivarar på GKS. 

Andre oppgåver innanfor fagområdet som veterinær kan påreknast.   

Kvalifikasjonar

Du er veterinær med norsk autorisasjon.

Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men nyutdanna kan også søkje.

Du snakkar og skrive flytande norsk.

Du er fortruleg med å bruke IKT-verktøy og å ta i bruk nye digitale løysingar. 

Du har førarkort i klasse B.  

Personlege eigenskapar

Du likar å treffe menneske og kommuniserer klårt og tydeleg, og bruker fagkunnskapen din på ein relevant og konkret måte.

Du er strukturert, jobbar effektivt, er nøyaktig, har god produksjon og taklar varierte dagar.

Du kan jobbe sjølvstendig, utføre tyngre sakshandsaming, evner å ta raske avgjersler, samt nye utfordringer, men har også evne til å jobbe godt i team.

Du har god rolleforståing, evner å prioritere og takle hektisk kvardag, samarbeider godt med arbeidskolleger og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

Eit fagleg interessant og samfunnsviktig arbeid.

Eit tverrfagleg fellesskap og støttande arbeidsmiljø med fleksibel arbeidstid.

Stillinga er løna i st.kode 1498, førsteinspektør p.t. kr. 510.000 - 580.000 per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar med lang relevant praksis, kan stilling som seniorinspektør, kode 1499 og høgare løn bli vurdert.

Gunstige pensjons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse. Du har rettar i samsvar med statleg regelverk og tariffavtalar. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Pensjonskassen.

Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidater til å søkje jobb i Mattilsynet uavhengig av alder, redusert funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Søknaden vert berre mottekne elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden. 
Vi ber om at du registrerer fullstendig CV, og laster inn vitnemål og attestar som vedlegg.

Ver venleg å oppgje 2 referansar. 

 

  • Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    12.07.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6700, MÅLØY
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2974583
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 29.06.2020