Company
Sogndal kommuneApplication deadline
24.01.2021Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6899, BALESTRAND
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
3363084Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 22.01.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sogndal kommune
Vernepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogndal kommune har ledig 100% fast stilling som vernepleiar i Bu og miljøtenesta ved avdeling i Leikanger. Stillinga er ledig frå snarast
Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune yter tenester til menneske med ulike typer nedsett funksjonsevne. Pasient- og brukergrupper er personar med funksjonsnedsetting som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar personleg assistanse, opplæring i dagleglivet, tilrettelagde bustadar, dagtilbod og tenestetilbod
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåver i heildøgnstiltak for unge vaksne personar med utviklingshemming
Turnusarbeid med arbeid 4. kvar helg
Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukar, pårørande og kollegaer internt og eksternt.
Sentrale ansvarsområde:
Helsefaglege vurderingar og iverksetje tiltak
Miljøterapi i dagleglivet
Primærkontakt med ansvar for tiltaksplan
Koordinator med ansvar for individuell plan
Kvalifikasjonar:
Vernepleiar, sjukepleiar, annan relevant helsefagleg høgskuleutdanning eller anna relevant erfaring.
Erfaring frå arbeid med menneskjer med utviklingshemming
Førarkort klasse B
Fordel med erfaring med miljøterapi
Personlege eigenskapar:
Gode samarbeidsevnar, for å nå felles mål
Evne til å dele kunnskap med andre faggrupper
Reflektert og løysingsorientert, og god på å skape resultat saman med andre
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Evne til å skape tillit, initiativrik, og fleksibel
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Spesielle vilkår for stillinga:
Den som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkolose/MRSA-skjema, evt. Tuberkulinattest av ny dato
- Politiattest av ny dato
Me tilbyr:
Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Løn etter tariff
Kun søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
24.01.2021Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6899, BALESTRAND
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
3363084Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 22.01.2021