Company
Sula kommuneApplication deadline
12.05.2024Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5710958Look here for other jobs from Sula kommune
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sula kommune
Vernepleiarar/ sjukepleiarar med fagansvar og helsefagarbeider/ miljøterapeut.
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du ein som har eit stort hjarte for å jobbe med mennesker og vil bidra med å gjere dagane god for dei som trenger støtte og hjelp i kvardagane. Kanskje er du vår nye kollega?
Vi skal styrke vår faglege kompetanse i avdelinga og søkjer deg som vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut/helsefagarbeidar til vår avdeling.
Som tilsett i Jetmundgarden bufellesskap har du ansvar for å sikre at vi gir fagleg forsvarlege tenester til våre tenestemottakarar. I Jetmundgarden får du samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer med varierande kompetansebakgrunn. Du vil få faglege utfordringar i arbeidsoppgåver i ei eining i utvikling. Vi tilbyr fadderordning og god opplæring.
Vi har ledig:
2 x 100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar/ miljøterapeut
1 x 80% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar/ miljøterapeut
1 X 80% vikariat som vernepleiar/sjukepleiar/ miljøterapeut frå snarast til og med 24.08.25
1x 69% vikariat som vernepleiar/sjukepleiar/ miljøterapeut på natt fram til 31.01.26.
1 x 69% vikariat som vernepleiar/sjukepleiar/ miljøterapeut på natt fram til 24.08.25
1 X 68% fast stilling som helsefagarbeidar på natt frå 25.08.24
Siste års vernepleiarstudentar vert oppmoda til å søkje.
Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.
Jetmundgarden er ei avdeling med åtte bueiningar der arbeidet består i praktisk og personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål. Avdelinga yter heildøgnsomsorg til mennesker med ulike funksjonsvariasjonar som autismespekterforstyrringar og psykiske vanskar. Vi arbeidar for at tenestemottakarane skal oppleve tryggleik, sosiale relasjonar, respekt og god livskvalitet. Du skal som tilsett sikre brukarmedverknad og gje god kvalitet på tenesta. Du skal rettleie tenestemottakar, samarbeide med pårørande, kollegaer og studentar.
Avdelinga har fokus på kompetanseløft i 2024, og nokre av satsingsområda er målretta miljøarbeid og positiv atferdsstøtte.
Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Avdelinga har turnusordning med utvida arbeidstid f.t. 14-timarsvakter med arbeid 3. kvar helg. 69% og 68% stilling har turnus med nattevakter frå kl. 21.45 til kl. 08.15.
Kvalifikasjoner:
- Vi søkjer personar med 3- årig utdanning til stillingane og helsefagarbeidarar til 68% nattevaktstilling . Gyldig autorisasjon som vernepleiar/ sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, samt miljøterapeutar som til dømes førskulelærar, barnevernspedagogar og liknande.
- Erfaring frå liknande arbeid, samt utfordrande åtferd vil verte føretrekt.
- Kjennskap til og erfaring frå arbeid med personar med samensatt problematikk.
- Målretta miljøarbeid med oppfølging og evaluering av tiltaksplan.
- Utarbeiding og oppfølging av vedtak etter Hotjl. kap. 9.
- Datakunnskap.
- Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg.
- Krav om førarkort klasse B.
- Politiattest.
- Oppgje referanse.
Personlige egenskaper:
- Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med god framferd som likar å arbeide med mennesker.
- Du må vere ressurs og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- Du må ha evne til å vere roleg i uførutsette hendingar og tåle stress.
- Arbeide systematisk etter dagleg arbeidsplan og rutinar.
- Bidra til gode resultat gjennom felles mål,verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving.
- Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø er viktig.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr:
- Eit positivt og engasjert fagmiljø.
- Kompetanseheving og fagleg utvikling.
- Interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning.
- Vanleg kommunale tilsettingsvilkår.
- God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll.
Company
Sula kommuneApplication deadline
12.05.2024Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5710958Look here for other jobs from Sula kommune