• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    14.02.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4955590
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
  • Uppdaterad 24.01.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Ål Kommune

Vernepleiarar inntil 300 % fast - Miljøterapitenesta

Offentlig forvaltning

Evnar du å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg?
Har du lyst til å vere med å vidareutvikle tenester med høg fagleg kvalitet med fokus på tverrfagleg arbeid, brukarmedverknad, pårørandestøtte og gode meistringstilbod?

Då treng me deg!

Miljøterapitenesta i Ål er delt i to avdelingar, og søkjar no etter inntil 300 % fast stilling som vernepleiar.

Som vernepleiar i miljøterapienesta vil du få eit fagleg ansvar for ein eller fleire brukarar i tenesta. Du vil også kunne få eit koordinatoransvar, der mellom anna pårørandearbeid og individuell plan vil vere nokre av arbeidsoppgåvene. Du må kunne ha evne til å rettleie og motivere medarbeidarane.

Arbeidsoppgåver

  • bistå brukarene i gjennomføring av dagleglivets gjeremål og aktivitetstilbod
  • arbeide med å tilrettelegge tiltak og utvikle og oppretthalde brukarane sine ferdigheiter
  • legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar

  • autorisasjon som vernepleiar
  • ønskeleg med vidareutdanning og relevant arbeidserfaring
  • førarkort klasse B
  • gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar 

Det som kjenneteikner deg er at du:

  • har brukarfokus, er fagleg engasjert og oppdatert
  • er bevisst på dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, likar å jobbe i team så vel som sjølvstendig
  • er fleksibel og løysingsorientert, og har god evne til omstilling
  • kan vere i fysisk aktivitet
  • har evne til å kunne handtere uforutsette hendingar, og stå i og tåle krevjande arbeidssituasjonar

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr

  • dagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • stilling i turnus (forhandlingsturnus)
  • høve til fagleg og personleg utvikling
  • internundervisning og faglig påfyll
  • full barnehagedekking i kommunen
  • 6 månaders fri overgangsbustad
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekruttere og behaldetillegg
  • pensjonsordning i KLP

Søknad og politiattest

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden og tilsetting kan skje før søknadsfristen har gått ut. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

Flytte til Ål?
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Flytt til Ål! - Ål kommune

 

Velkomen som søkjar!

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    14.02.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4955590
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
  • Uppdaterad 24.01.2023